Haralds hjørne: Frå bonde til bonde

Publisert: Publisert:

Tida forandrar seg, ikkje minst i jordbruket. La oss gå tilbake til midten av 50-åra. Då var det mykje å arbeide med, i sær når våren kom. Der skulle pløyast og harvast, og hevdakjerra måtte smørast på hjula for å gjera det lettast for hesten.

Hevda måtte ein lessa med greip og spreia med greip. Då hevda hadde tørka litt, var det å dra på skogen etter bjørkeris og laga eit slep for å riskjøra hevda.
På åkeren var det poteter, kålrabi, roer, formarkål og korn. Kålrabien måtte tynnast, eit einsformigt arbeid. Den jobben var det ungane på garden som gjerne gjorde.

Drenger og jenter fekk jobb på gardane etter endt folkeskule og framhaldsskule. Løna for ein dreng dengong var ca. Kr. 300 pr. månad, det vil sei kroner 10 pr. dag.

Jentene litt mindre. Men der var drenger med fine motorsykklar, men der var det nok konfirmasjonspengene som hjelpte til.

Men tida gjekk, då som nå. Mindre med åkrar, nå er det mest gras og kraftfor. Ungane rundt på gardane måtte ut å gå på skule for å utvikla hjernen. Dei fekk då teften av allslags arbeid, betre enn å vera bonde.

Så kom slåtten med hest og slåmaskin for både 1 og 2 hestemaskiner. Var været dårleg, måtte ein hesje. Var det for lite hesjestaur, drog ein på skogen etter årestaur. Ei hesja måtte stå ca. fjorten dagar før den var tørr. Så der såg ut som padder på land, og når hesjestauren skulle tas ned måtte ein
ofte kvista den for skåt.

I dag tek ein telefonen til eit firma som kjem og slår og ballar – ballane blir
kalt traktoregg. Hovedinntekta på gardane er mjølka frå kyrne, då gjerne frå 20-30 stk. Det skal mykje fôr til den flokken. Det er slik at mange bønder har gitt seg dei siste åra, eg er ein av dei.

Eg slutta då eg var 64 år på grunn av helsa. Meieriet blei lagt ned, i dag er det langt mellom mjølkekrakkane for bilen som hentar spann. Nå er mjølka på tank, og blir henta av tankbil nokre gonger pr. veke.

Om skulebarn kjem heim for å hjelpa foreldra i jordbruket, er det ulovleg. Det blir kalla svart arbeid, dei må skatta for det dei gjer. Mange bønder tek i dag arbeid utanom gardsdrifta. Kva veg går det?

Ein lever ikkje av fint hus og hage! Hadde eg vore yngre, ville eg søkt på jobb som sjømannsprest i Gudbrandsdalen!

Nå er det store spørsmålet om Rune får dette inn i Øyposten. Eg lurer på om nokre diktatorar i Bergen bestemmer over Øyposten?

Harald.

Faaholmen

Faaholmen.

Eg las i Øyposten 16 mars at båtforeningen har kjøpt Harald Faa sin del av Faaholmen. Kom til sanninga, eg har ikkje fått spørsmål om å selja til båtforeningen. Det var ein god ven av meg eg ville selja til. Om båtforeningen har rett til å gå fram på den måten, er det ein simpel måte. Avensjuka ligg
nok bak, kva tener båtforeningen på dette? Eg har garden min til salgs, men har ikkje fått noko bud frå båtforeningen.

Harald.

Publisert: