Øyposten etterlyser status for bygging av Rygjabø-parken. Før dei planane arbeidast vidare med, så bør symjehall bli ein del av parken. Det må vere ein utmerka plass for ein symjehall.

Då kan skulen bruka den i sine opplæringsplanar. Parkeringsplassar er allereie der. Bruken av symjehallen vil stort sett vere når det ikkje er skuleaktivitet. Inkluder i parken ein leikeplass slik at barn som ikkje kan bruke symjehallen, har ein plass å leike mens søskena er i hallen. Det vil også vere fin rekreasjon og tidsfordriv for føresette. For andre som vil bruke parken vil det vere triveleg å sjå barn leike og kose seg i parken. Inkluder også ein grillplass. Skule, Fleirbrukshall og symjehall i same område vil vere ein perfekt samling av offentlege bygningar.

Det må vere billigare å drifte ein hall i staden for to.

Forslaget om å byggje eit badeland mellom bustader og kontorbygg nede ved Få brygge må vere lite klokt og kortsiktig. Kor skal besøkjande til hallen parkera? Dei kan naturlegvis ikkje nytta reisande sine plassar nede på kaien. Der er det allereie for få plassar. Det er vel også å håpa at det på sikt blir meir aktivitet i det gamle meieriet, nå næringsparken. Det vil også kanskje krevja meir areal.

Ledig areal ved Få brygge bør reserverast til næringsbygg. Det er det ikkje behov for, seier nokon. Nei vel, sjå på eit bilde frå Judaberg for 50 år sidan. Skal ikkje Judaberg bli eit trafikknutepunkt og handlesenter i Stavanger kommune? Då må me ha ledige areal i sentrum.

Tenk langsiktig og tenk nytt. Å byggje symjehall i området rundt trafikkterminalen på Judaberg kai er like langsiktig som nasen når. Skrinlegg alle planar om symjehall ved Få brygge og flytt symjehallen til Rygjabø-parken. Det vil vere ei utmerka bra plassering.

Kristian Spanne