Romjulscupen er over for i år. I år vart det veldig god stemning, både på bana og på sidelinja.

Oppmøtet av spelarar har vore mindre enn idrettslaget hadde håpa på, men vi er glade for at det var mange nok til å halde cupen, seier Bendik Heggelund på høgtalaren til dei frammøtte.

– Kanskje melder fleire seg på neste år, seier han oppfordrande.

I år kom ein gjeng frå Våland for å delta på cupen på Finnøy. Det er kjekt at folk kjem reisande for å gjere noko kjekt saman med oss. Publikumsoppmøtet har også vore stort i år. Det var mange som stod og jubla og klappa.

I dag møtte vi også Jenter 10/11 som synest det har vore kjempekjekt å spele fotball. Maram (13) var keeper, Lena (11) spelte midtbane og Anne (12) var spiss. Vilja (12) spelte midtbane, Mie (12) forsvar saman med Milena (12). Heile laget er veldig nøgde med både eigen innsats og lagets innsats.

Når det er cup, er det obligatorisk med kiosk. Kiosken hadde mange blide kundar innom, og det blei selt ein del. Vi er glade for å kunne spreie eit smil til kundane våre.

Innimellom hadde kioskdamene også tid til litt pause, og då var det rett ut for å sjå på dei spennande kampane.

Tor Øyvind Skeiseid synest det har vore veldig kjekt å delta på cupen, både som spelar og dommar. Han likte best å spele framfor å døme.

Vinnarlaget Tøsen i mål. Foto: Hedda Karin Talgø Klakegg

Etter første kampen var han ikkje så nøgd med eigen innsats, men synest dei andre lagkameratane var kjempegode. Men til slutt kunne han vere nøgd. I semifinalen vann Tøsen i mål 7–2 over Våland og møtte Halleland i finalen der dei vann 2–1.

Vi gratulerer!

Av: Hedda Karin Talgø Klakegg