Husmannsfolk

Slik ser det ut i dag på den fråflytta husmannsplassen Nådetre i Nådådalen.
Publisert: Publisert:

Nådetre var ein husmannsplass. Han som budde der med familie veit eg ikkje navnet på, men kona het Steinvor. Det var nok harde dagar då, for nokon kvar, ho for rundt i hagane og henta dei bær ho fant. Fant ho ein sjøldaua sau, ja så tok ho den med heim, verka den opp og la saueskrotten i Nådebekken ein tre vekers tid i rennande vatn. Når den prosessen var gjort, havna sauen i gryta. Ingen blei dårlege av middagen. Dei blei gamle folk.

Så var far og Hans Haga på Tre og sette poteter. Litt belønning fekk dei, noko dei kalte tetamelk, noko blankt og seigt. Far spydde som ein gris då dei for heimover Fåhagane, mens Hans fekk det til å sitja. Vel heime var det nye oppgaver for far, han skulle følge ei legdakjæring. Ja, godt folk, ei legdakjæring var gamle, einslege enker som ikkje kunne stella seg sjølv. Dei blei sett bort på gardar ein fjorten dags tid på kvar plass. Nå var tida over for ho som var her på garden. Far skulle flytta henne til Lauvsnes (Posmyr). Dette var ikkje enkelt, eit svare strev med å få henne til å gå. Ho hadde vondt både her og der på kroppen, men sinnet var i orden. Då dei kom til Hagabekken, slo ho etter far med stokken. Ho ville ikkje dra.

Heim igjen for far der nye oppdrag venta. Oppe på den søre salen, låg hans bestemor til sengs. Ho følgte flyttelasset frå Hanasand på Rennesøy. Det var mor til far som hadde odel her på Faa., Hanasand låg under Finnøy kommune. Den dama var ikkje billig, ho låg til sengs og røykte skråtobakk i kritpipa. Far måtte skjæra skråtobakken i småbitar og så gni den i hendene før den havna i kritpipa. Far fekk plenty kjeft visst jobben ikkje var skikkeleg gjort, men som far sa, gamle blei dei.

Mor til far, mi bestemor, og hennar mann, Halvor Jonsen Runestad frå Fogn, flytta hit i 1880. Kjærleiken var nok stor, dei fekk 10 ungar, eit fotballag minus keeper. Farfar døyde i 1928, og farmor i 1942. Nå er det bare etterkommarar igjen. Det minkar på dei, eg har nå fått leva i 87 år.

Harald Få

Publisert: