Elling drøymde at Sæbøsundet var fullt av graut og komla

Ortofoto av Finnøy frå 1959 der me ser Sæbøsundet mellom Fogn og Bokn oppe mot høgre.
Publisert: Publisert:

Elling blei født på 18-hundretalet. Det er tvilsomt om han hadde nokon skulegong. Han levde sitt liv her på Finnøy, han var ofte rundt på gardane og hogg risved. Var det ein stor botte han ikkje fekk sunt, ja då gjøymte han den i risdungen.

Han var òg svært glad i mat. Han sa til far min at han drøymde at Sæbøsundet var fullt av graut og komla. Dette var mat for Elling.

Så var det om hausten, når kornet skulle skjerast, med sigd, at Elling var med folk på Nådå og skar. Då det nærma seg middag, blei Elling svolten og vanskeleg – folk måtte halda han til middagen kom. Når den kom var det store fat med risengrynsgraut. Elling tok det eine fatet, dei andre måtte dela det andre. Elling åt opp grauten sin, men dei andre greidde ikkje å eta opp sitt fat. Då var det ein som sa: «Sjå her, Elling, her er meir graut, berre kjør i trynet, du feiler ikkje tryne til det». Då lo Elling og åt opp grauten.

Elling budde i ei lita hytte tvers over veien for Kolkaien. Der koste han seg med vennene sine, dei besto av små mus. Han ga dei brød og rester, og var det kaldt så fekk dei dela seng med han.

Men tida innhenta Elling òg. Han fekk flytta til Judaberg, til Borghild og Selius Eike. Her fekk han det godt. Men så kom han til sengs, dr. Strømme var og såg om han der han låg med augene att. Doktoren ropte høgt på Elling, som såg på doktoren, så lukka han augene for siste gong.

Då kom fattigstyret inn i bildet. For å gjera det så rimelegt som muleg, sette dei opp ein plakat på døra til handelslaget kor det stod at Elling var død. Han kom ikkje i avisa, det hadde dei ikkje råd til.

Dette var vinters dag, i krigsåret 1942. Far gjorde det beste han kunne for å få folk med til kyrkjegarden, så Elling kom i jorda på ein sømeleg måte. Den største skamma var at Elling hadde slekt på Fogn, kor han kom frå. Der fekk dei ikkje veta om Elling før etter at han låg i grava.

Harald Få

Publisert: