Like sikkert som temperaturen fell og budsjettprosessane startar i råd og utval, er det tid for igjen å få ein kalddusj i form av nye kuttforslag i hurtigbåtrutene.

Det er sjølvsagt at når budsjettet ikkje strekk til, må fylkeskommunen leita etter alternativ for inndekning. Der det er kollektivruter som blir lite brukte, og der det er andre alternativ, kan det vera smart å ta ein gjennomgang for betre bruk av midlane, men at det kvart år skal vera hurtigbåtrutene i Ryfylke som skal vera salderingspost, fører til stor frustrasjon, og får ryfylkingane til å undra seg over kor sjølvsagt deira bidrag inn til pengebingen blir tatt imot.

Det er gjort ulike forsøk på å få auka bruk av kollektivtilbodet i sentrale strøk, men i Ryfylke er medisinen å kutta i ruter og i tillegg auka billettprisen. Det er heller ingen mengderabatt. I andre delar av fylket har reisande lik pris om dei reiser med buss eller hurtigbåt, men slik er det ikkje lengst inne i Ryfylke. Pengar betyr noko for folk her og, sjølvsagt vil bruk av det dyraste alternativet bli redusert.

Hjelmelandsruta skal nå kuttast heilt. Denne ruta har fått endra avreisetid frå Stavanger dei siste åra. Det som tidlegare var ei attraktiv rute til bruk for skuleelevar og reisande som skulle til Ryfylke på helgetur har blitt ei rute med lite bruk fordi dei reisande har leita etter andre alternativ. Dette fører til problem med overfylte båtar på Sand-Sauda-ruta. Det er rett nok auka frekvens av bussruter Stavanger – Hjelmeland, men dei mindre plassane langs sjøen står igjen utan tilbod. På nordsida av Jøsenfjorden er det ingenting igjen.

Hurtigbåtruta til Sandeid og Vikedal skal og kuttast. I Vindafjord blir det og kutta i bussruter, slik at det er nesten berre skuleruter igjen.

I kuttforslaget er det ingen forslag om å leggja opp til ny korrespondanse eller knytta saman andre ruter med buss for å gi innbyggjarane i Ryfylke, som blir ramma av kuttet, eit alternativ. Kva med litt positiv omtale og framsnakking av tilbodet? Ein kan ikkje venta auke i passasjertalet når hurtigbåten skal konkurrera med gratis ferje og buss.

Resultatet av dette blir meir trafikk gjennom Ryfast og meir transport over på bil. Det gir meirinntekter til staten, men vil neppe redusera klimagassutsleppa, som i eit anna rekneskap visstnok er svært viktig.

Det ser dessverre ut til at fylkeskommunen ikkje har nokon visjon for Ryfylke.

Ryfylkeaksjonen 2020 Berit Fyljesvoll Haugsland Ivar Andersen Tomas Nesheim Kirsten Hellerdal Fosstveit