Nå må dette helvete på jord ta slutt

Arild Flesjå
Publisert: Publisert:

Krigen i Gaza har nå vart i fire månader etter at terrororganisasjonen Hamas den 7. oktober i fjor sende rakettar mot fleire stader i Israel.

Etter dette starta Israel ei massiv gjengjeldelse mot Gasa. Om lag 1200 israelarar har blitt drepne, dei aller fleste i begynnelsen av krigen.

Lidingane og øydeleggingane på Gasa fortsett med uforminska styrke og kan på ingen måte samanliknast med øydeleggingane i Israel. Israel er ei av verdas største militærmakt og den har blitt brukt og brukast fortsatt i hovedsak mot sivilbefolkninga i Gasa. USA har i alle år som Israel har eksistert som eigen stat, støtta Israel med pengar, og dei gjer det fortsatt i stort monn. Hadde USA sett foten ned og trua med å stoppa all hjelp viss ikkje ein tostatsløysing var alternativet, ville der vore håp for sivilbefolkninga. Men det skal ikkje USA gjer. Dei har jo store interesser i regionen.

Meir enn 50 prosent av bygningane i Gasa er heilt eller delvis lagt i grus. Mykje av verdssamfunnet sit fortsatt og er tilskuerar og toar sine hender og lar dette skje. «Ja det er jo synd på stakkars dem …» Som om ikkje befolkninga på Gasa har helvete nok 24 timar i døgnet, så skjer det at mange land stoppar støtta til UNRWA. UNRWA er ein organisasjon under FN som blant anna driv hjelpearbeid for palestinske flyktningar, som der er millionvis av, og har sterk tilstadeverelse i Gasa. Grunnen til at mange land stoppar støtta, er at det er funne Hamas-tilhengarar i organisasjonen. Det er svært alvorleg, men ikkje særleg overraskande. I UNWRA er det 30.000 tilsette, og det var rart viss det ikkje var tilsette som hadde andre hensikter enn å hjelpa flyktningar.

Det er uklart kor mange Hamas-tilhengarar det er snakk om. 12, 120 og 1200 er nemnt. Dette er under etterforsking.

Kunne ikkje dei landa som har stoppa utbetalinga til UNRWA venta med å gjera det til etterforskinga var ferdig? Det er nå Gasas befolkning treng deira støtta. Heldigvis så hengde ikkje Norge seg på det laget som har stoppa støtta. All æra så langt til Espen Barth Eide.

Israel har eit uttalt mål, det er å utsletta Hamas. Men målet til Israel går mykje lenger enn det. Metanyahu og hans ultranasjonalistiske regjering med sikkerheitsminister Ben Gvir i spissen meiner at palestinarane både på Vestbredden og i Gasa ikkje har rett å vera der. Israel skal utsletta områda der palestinarane bur i dag og overta landområda. Nå har dei fått palestinarane til å flykta sørover. Mellom 1 og 2 millionar er nå samla i Rafha på grensa til Egypt. Rafah er også under bombing. Eg reknar med at målet er å få dei til å prøva å berga livet ved å bryta seg gjennom til Egypt. Då er målet til Ben Gvir nådd. Dei israelske bosetterane kan då overta det dei vil av landområder. Dette har dei fått velsigning til å gjera både av Netanjahu og dei før han. Palestinarane som budde der har blitt kasta ut av husa sine og blitt fordrevne.

Hadde vi funne oss i at det kom nokon og overtok huset vårt eller byggde hus i hagen vår? Eg trur at eit av mange mål for Israel er å jaga palestinarane over grensa til Egypt. Netanyahu er ein desperat og farleg mann. Han klamrar seg til makta ved å visa militær styrke. Han veit vel at dersom han misser sin politiske posisjon, så er han ferdig. Då står det som er att av rettsapparatet klar til å stilla han for retten, skulda for blant anna korrupsjon.

Nær 28.000 palestinarar har til no blitt massakrert på Gasa. 70 prosent av desse er kvinner og barn. Natt til søndag blei nye 127 drepne. Eit av måla for israelske bomber var ein barnehage i Rafah der det er langt over millionen palestinske flyktningar samla. Måndag i denne veka blei ein kolonne med hjelpesendingar med mat og anna naudhjelp beskutt av israelske marinefartøy.

I sist veke gjekk fleire israelske soldatar frå IDF inn på eit sjukehus på Vestbredden utkledd som legar og sivile. Der drap dei tre palestinarar, ein var frå Hamas. Dette er ikkje verifisert ennå. Morten Rostrup som er lege og med i Leger uten grenser, seier at det ikkje finst grenser for kva israelarane gjer. Det er fyrst og fremst krigsforbrytelse og brot på mange andre ting. Han seier vidare at å driva hjelpearbeid som dei gjer, etter dette blir endå vanskelegare.

Kven kan vi stola på nå når vi ikkje kan vera sikre på kven som kjem inn på sjukehusa. Den internasjonale domstolen i Haag skal behandla saka som Sør-Afrika har reist om folkemord. Dersom dette som skjer i Gasa ikkje er folkemord må dei som har eit anna namn på dette vera greie å ta kontakt med underteikna.

Nå må dette helvete på jord ta slutt og alle krefter setjast inn på fredsløysingar og forsoning. Spørsmålet er om det kanskje er for seint. Viss det hatet som naturleg nok er blitt bygd opp i dei gjenlevande i Gasa får eit utbrot i hemn, kan nokon kvar av oss sjå framtida mørkt i møte.

Arild Flesjå

Publisert: