Elektrifisering av ferjeflåten vil vere ein enorm kostnad for å bytte ut og byggje om store mengder infrastruktur, for at dei reisande i øyane skal ha same tilbod som no. For oss reisande vil ikkje reiseopplevinga bli merkbar på anna vis enn at ferjene blir bytta ut.

Ved å heller prioritere Øyfast investerer ein heller i eit prosjekt for framtida, som forbetrar reisa til alle av dei råka øyane.

Ved å byggje Øyfast med alternativet med kabelferjer på strekningane Fogn-Finnøy og Ombo-Nord Hidle kan kabelferjene vere heilelektriske, med bruk av landstraum. Då slepp ein også batteripakkane som dei andre ferjene måtte hatt, og ein får betre utnytting av straumen enn ved å først lade opp batteri som deretter skal drifte motorane.

Ved å investere i Øyfast framfor å utbetre dagens ferjeflåte må ein også vektleggje det enorme framsteget dette ville vore spesielt for Sør-Bokn og Byre.

Dessutan er bilparken i Finnøy kommunedel langt på veg i elektrifisering, noko som allereie har fått både nasjonal og internasjonal mediedekning.

Kvifor bruke enorme summar på å elektrifisere ferjene, når ein kan spare enormt på å fjerne desse i sin heilskap, byggje Øyfast, og la ein allereie langt på veg elektrifisert bilpark stå for transporten over bruer og vegar?

Det fakta me har tilgjengeleg per no tilseier at Øyfast vil svare seg økonomisk. Innsparingar frå ferjedrift er langt høgare enn direkte byggjekostnadar over ein 40-års periode. Då er ikkje kostnaden amed elektrifisering av dagens ferjer teke med eingong.

Samfunnsøkonomisk vil reisande jamt over spare mykje tid på reising innanfor øyane, både om Øyfast hadde blitt bygd fullskala eller med kabelferjer.

I forhold til elektrifisering vil Øyfast opne moglegheitene for folk til å flytte seg mellom øyane med allereie elektriske bilar/bussar, eller til fots og med sykkel ved passande avstandar.

Med alt dette på bordet, så blir det alt for korttenkt å no vedta ein så kostnadskrevjande ombygging av dagens ferjeflåte utan å først sjekke moglegheitene for utbygging av Øyfast og ei forbetring for heile øysamfunnet vårt grundig i forkant. Øyfast kan på ingen måte vedtakast utbygd i løpet av næraste framtid, men tida er på alle vis inne for no å undersøkje alle moglegheiter for bygging.

Fire av partia som no er vald til posisjon i Stavanger dei neste fire åra har heldigvis sagt seg positive til å greie ut meir om moglegheiter for bygging av Øyfast, så me ser fram til dette skjer.

Av Edvin Halsne

Arbeidslaget for Øyfast