Er eit godt kollektivtilbod viktigare enn klimautslepp?

Harald Halvorsen Løland, 4.-kandidat fylkeslista Rogaland Senterparti
Publisert: Publisert:

Klimaendringar er ei av vår tids største utfordringar. Senterpartiet tar klima på alvor og søker gode løysingar. Det er viktig å gjere fornuftige val og prioritere opp dei tiltaka som gir gevinst. Og også i klimadebatten må me ha fleire tankar samtidig – alt heng saman med alt.

Kolumbus setter etter Senterpartiet sitt syn hurtigbåttilbodet i Ryfylke heilt unødvendig i spel denne våren. Dette viser at det kan få særs uheldig konsekvens når ein fokuserer bortimot einsidig på klimautslepp. For Kolumbus har utsleppsfrie båtar vore det viktigaste. Men i saka om hurtigbåtanbod i Ryfylke er faktisk rutetilbodet viktigare. Heldigvis vil eit stort politisk fleirtal i Fylkestinget lande ei løysing som sikrar tilbodet i Ryfylkeruta.

Dersom ein i dag skulle gått for ei løysing med 100 % utsleppsfri båtar ville det blitt svært kostbart. Då ville med stor sannsynleghet frekvens og rutestruktur bli taparen. For Indre Ryfylke og øyane i Stavanger kommune vil dette direkte påverke attraktivitet og bulyst.

Ei utsleppsfri batteriløysing krev i tillegg til nye båtar, også store investeringar i bygging av ladestruktur. Dei elektriske båtane som alt er sett i drift i andre samband i Rogaland har hatt store oppstartsvanskar. Alternativt kunne ein sett på hydrogenløysingar. Ferjesambandet Hjelmeland-Nesvik er ein hydrogenpilot. Langt på overtid er ferjene sett i drift (med hittil godt resultat). Men skulle ein innført dette i langdistanse hurtigbåtruter vil det igjen krevje nye og bortimot uprøvde løysingar. Ryfylkeruta er den desidert lengste og mest komplekse ruta i fylket – her må ting fungere.

Det ligg ein stor miljømessig (og økonomisk) gevinst i å nytta den båtparken som allereie finst. Dei fleste båtane som er i drift i dag har moderne motorar med relativt sett lågt utslepp. Å kvitta seg med eksisterande båtparken vil vera eit eksempel på bruk-og-kast-mentaliteten. Det tener ikkje miljøet å erstatta dagens materiell med kostbare nye båtar med umodne teknologiske løysingar.

Senterpartiet heiar på ny teknologi. Det er ei rivande utvikling på utsleppsfri løysingar – både batteri-, hydrogen- og ammoniakkmotorar. Om få år vil utsleppsfri båtar ha dei beste løysingane også for langdistanserutene i Ryfylke. Når ein har fått testa ut og kome i driftsfase må også kostnadsnivået på løysingane vere konkurransedyktig. Det vil både Ryfylke, det samla kollektivtilbodet i Rogaland og klima nyte godt av.

Harald Halvorsen Løland
4.-kandidat fylkeslista
Rogaland Senterparti

Publisert: