Gir seg etter 12 år som leiar i Helselaget på Finnøy

Sverre Jan Reilstad (77) kan sjå tilbake på ei innhaldsrik tid både som nestleiar i fylket i Nasjonalforeningen for folkehelse, og som lokallagsleiar på Finnøy.

Leiar i Helselaget i Finnøy, Sverre Jan Reilstad, har gjort mykje godt for folk i Finnøy gjennom si tid som leiar.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

FINNØY: Kven som skal overta stafettpinnen er ikkje klart enno.

– Det er på tide å sleppa nye kostar til. Eg har hatt mi tid i ein fantastisk organisasjon, men innser at alderen byrjar innhenta meg. Det er ei tid for alt, no må yngre krefter overta, seier Reilstad.

Nye tider nye utfordringar

Han er likevel ikkje så ferdig at han ikkje vil trø til om det nye styret skulle trenga han til ulike oppgåver.

– Me i styret på fylket er takksame for den jobben Sverre Jan har gjort for helselaget på Finnøy. At han no vel å legga inn årene er fullt forståeleg. Det er nye tider og arbeidet krev større forståing og bruk av digitale verktøy som kan opplevast som ei utfordring for oss som ikkje har vakse opp i dataalderen. Det er ikkje berre lett å henga med, fortel Oddny Kjølvik som er Finnøy helselag sin representant inn mot fylkesstyret.

– Kva hugsar du best frå arbeidet i helselaget?

– Det trur rett og slett må vera alle dei kjekke folka. Arbeidet med frivillighet kjennest godt og meiningsfullt. Det er kjekt å vera med å gjera ein skilnad, seier Sverre Jan som har jobba mange år som hjertekontakt og demensvenn i Finnøy. Noko av det aller kjekkaste har faktisk vore å køyrt rundt med juleblomar til alle innbyggarane i kommunedelen over 80 år. Det er ein tradisjon som har vore i Helselaget så lenge eg kan hugsa.

I tillegg til utdeling av juleblomar driv Helselaget med blant anna helsebading, 1. mai basar, hjarteaksjon, demensaksjon og aktivitetsven.

Stort behov for frivillige

– I løpet av pandemien blei aktiviteten til dei forskjellige helselaga i fylket naturlegvis redusert. No som me er oppe og går igjen, har me lyst å starta litt «på nytt» Difor vil eg oppmoda alle som har lyst å bli med om å ta kontakt. Å vera med i Helselaget er givande, og ingen slit seg ut. Nye folk ser me ny auge, det kan vera nyttig, seier Kjølvik og held fram: Norge står framføre utfordringar med folkehelseutfordringar. Med ein aldrande befolkning vil fleire bli sjuke, inkludert ein dobling av demens. Mykje sv sjukdomsbyrda framover er knyta til sjukdommar som kan påverkast av levevanar og som kan førebyggast. Her har Helselaga ei viktig oppgåve. Stor sosial ulikskap er også med på å auka delen av unødvendig sjukdomog for tidleg død. Det er med andre ord mykje å ta tak i.

Neste år kan Helselaget på Finnøy feira 100 års jubileum