Fleirtalspartia i fylkestinget sin handsaming av ordninga for gratis bruk av ferje, nærmar seg no det me kallar toskaskap. Fylkesordførar Ole Ueland fortset i sin arrogante og usportslege stil. Han prøver å skape logikk ut av sine narrativ ved å bruke splitt-og-hersk-teknikkar. Han seier tydeleg at om fylkestinget ikkje klarer å rive sund regjeringa sine politiske løfter, samt finansieringsordning av gratis ferjer, vil dette i neste omgang få negative konsekvensar for øyane. Om ikkje Ueland er feilsitert av journalisten i Øyposten, så er dette oppsiktsvekkande, og samstundes avslørande for Høgre sin næringslivspolitikk for bedrifter på øyar.

Færre midlar med Høgre sitt budsjett Regjeringa med stortingsfleirtalet har bestemt at bruk av bilferje til øyar i landet skal vere gratis. Så enkelt er dette, Ueland. Fylket får refundert tapte billettinntekter tilbake frå staten. Tydelegvis er Ueland ideologisk ueinig i ordninga med gratis ferje, men konsekvensane av hans politikk er at han og fleirtalet sviktar bedrifter og individ som bur på øyar i Rogaland. Ueland hevdar at regjeringa sviktar Rogaland, men gløymer at det er eit samla Storting som har vedteke ein modell for finansiering av fylkeskommunane. Når me så tek oss tid til å lesa Høgre sitt alternative forslag til statsbudsjett, då blir Ueland tatt med buksene nede. For Høgre gir faktisk mindre pengar til Rogaland. Når ein i tillegg ser at Høgre ønsker å kutte heile den nasjonale ordninga med gratis ferje, og salderer med dette, er ringen slutta, herr fylkesordførar. Det er både logisk og moralsk rett når regjeringa seier dei vil halde tilbake refusjonspengane, om Rogaland fylke ønsker å misbruke støtteordninga.

Kva har skjedd med Frp og KrF? April 2021 sette transportpolitisk talsmann Bård Hoksrud (Frp) fram eit forslag om å gjera alle ferjer på riks-fylkesvegane gratis. På det tidspunkt fekk ikkje Frp dei andre partia med seg. Hoksrud sa då at han var skuffa over at både Arbeidarpartiet og Senterpartiet svikta landets kystsamfunn (frå Frp si nettside). Det som så skjer i etterkant viser kanskje forskjellen på å vere i posisjon kontra opposisjon, men i dette høve motsett av det som vanlegvis skjer. For då Ap og Senterpartiet danna regjering, blei dei samde om at staten skal dekka kostnaden for ferjebillett, slik at bruk av ferje skal bli gratis for alt frå vogntog til motorsykkel. Men då Framstegspartiet kom i posisjon i Rogaland fylke, blei resultatet at partiet på vegner av kystsamfunna takkar nei til denne ordninga. Før sist Stortingsval fekk Frp regjeringa Solberg med på å løyva pengar slik at Finnfast blir gratis å bruka. Kva ville Frp sagt om Ap og Sp på fylket prøvde å sabotere dette? No må jammen Frp visa at partiet har ryggrad og ikkje berre er nikkedokker for Høgre og Ueland.

I KrF sitt prinsipprogram for Rogaland 2023–27 står det tydeleg på side 7, under punktet «Et saumlaust kollektivsystem»: «Rogaland KrF vil vidareføre gratis ferje i Finnøysambandet, til Utsira, Kvitsøy og til Ombo.»

Når KrF lovar dette så tydeleg at dei brukar omgrepet «vidareføre», for så å bryte dette løftet når dei kjem i maktposisjon, då trur eg at eg må be om nåde til å teia. Ein annan negativ konsekvens av KrF sin samferdselspolitikk er at ved å gjeninnføra betaling på ferjene, så blir statens ordning med ferjeavløysingsmidlar redusert med tilsvarande beløp for den aktuelle 40-årsperioden. Då er nok siste spikaren i øyfastkista banka inn, så ventar vel berre jordpåkastinga?

For at dette ikkje skal bli den reine tragikomedie, vil eg minne om ordtaket, «Det er inga skam å snu.» Eller klarare sagt: «Det er ei skam om ein ikkje snur.»

Jon Olav Runestad, næringsdrivande Fogn