Den 1. juli 2021 blei Finnfast gratis. Den 28. september 2022 blei bilferjene i Finnøysambandet gratis. Og som ei slags krone på verket: Den 3. juli 2023 blei bussane og hurtigbåtane i sone Nord-Jæren gratis for innbyggarar i Stavanger kommune.

Mykje tyder på at krona på verket er midlertidig. Lite tyder på at opposisjonen, med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet i spissen, vil vidareføre gratisordninga viss dei kjem i posisjon etter kommunevalet til hausten. Det sitjande fleirtalet har òg gitt ordninga eit kampanjeaktig preg ved å sei at kostnadsramma er 200 millionar kroner.

Øyposten applauderer forsøket, sidan dette utan tvil er ei handstrekning til oss som bur i Stavanger kommunes provins. Hurtigbåtbilletten er mykje dyrare enn bussbilletten, så slik sett er det oss hurtigbåtreisande i Finnøy kommunedel som blir mest subsidiert. At det nå er gratis å reise frå Ombo til jobb i byen, er eigna til å skape bulyst på Ombo, som leiar Håkon Eide i Ombo pendlarforeining seier.

Me noterer oss svakheitene, som heng saman med at hurtigbåten kryssar fram og tilbake mellom sonene Nord-Jæren og Ryfylke. Medan bussen til Sola og Randaberg er gratis, sidan dei kommunane høyrer til Nord-Jæren, er det full pris for å ta båten til Tau, sidan Strand kommune ligg i sone Ryfylke. Gjennom at kommunen ikkje vil refundere billettar til sone Ryfylke, skapar dei både ekstra byråkrati og potensielt truskuldige kjeltringar. Ein på Ombo som pendlar til Tau, kan i staden for å kjøpe billett til Tau få gratis billett til byen og hoppe av på Tau.

Når det er sagt: Kva kan me få ut av forsøket med gratis buss og båt? Forsøket blir forska på, og viss forskinga viser at mange i Stavanger lar bilen stå for å reise kollektivt i staden, så kan forsøket bli ført vidare og truleg få nasjonale ringverknader. Det er nå ein ting.

Ein annan ting: Då gratis kollektivtransport blei diskutert i Stavanger kommunestyre måndag 19. juni sa ordførar Kari Nessa Nordtun at eitt av mange mål med ordninga er at fleire kan reise til sentrum og bruke meir tid på kafeane og utestadene der. Er det mulig å sjå for seg eit motsett mål? At fleire i byen får augene opp for kva øyane har å tilby? Kva om MaiJazz hadde lagt ein bryggekonsert til Judaberg, eller Gladmaten la inn ein gourmetcruise i landskapet der mange av dei gode grønsakene, sjømaten og kjøtet faktisk blir drivne fram?

Om ein dryg månad er det først Tomatfestivalen og så Rennesøydagen, eit opplagt høve for at fleire i Stavanger kan reise frå sentrum og bruke meir tid på Ryfylkeøyane.