Stavanger har vore og er framleis ein av dei beste stadane å bu, det skal me vere takksame for.

Så kva betyr det for oss som bur her kven som styrer kommunen? Kanskje ikkje allverda vil mange seie, men på einskilde område er det forskjell på korleis me vel å løysa utfordringar på.

Me i Høgre er ikkje i mot at SFO skal vera gratis for dei som treng det mest, men me ser heller ikkje at det treng vera gratis for alle elevar i første klasse, på kostnad av meir trengande familiar i 2.–3. klasse. Me vil heller sørgje for at dei som har mindre i inntekt får gratis SFO frå 1.–4. klasse. Då vil me verkeleg jamne ut forskjellar i heile skuleløpet.

Skulemat har også vore debattert og diskutert grundig denne perioden.

Høgre er ikkje imot skulemat, la det vera klart. Det som me er usamde med AP og dei andre partia som i dag sitt i posisjon, er korleis ordninga er styrt. Me trur at skulane sjølv veit best korleis ein bør prioritera, om det gjeld til mat eller til andre pedagogiske og sosiale tiltak. Derfor ønskjer me ikkje å detaljstyra korleis skulane vel å nytta ekstra midlar.

Me vil heller hjelpa barnefamiliane til ein enklare kvardag med å innføre fleksibelt barnehageopptak som sikrar barn rett på barnehageplass frå den dagen dei fyller et år. Slik slepp mor og far ufrivillig ulønt permisjon. Samtidig ønskjer me å få på plass fritidskortet som gir kvart barn tilgang til minst ein valfri gratis fritidsaktivitet.

Gratis buss og båt kom også til oss i rekordfart i sommar. Svært få av oss har eit sterkt ønskje om å betala mest mogleg for å komma frå ein stad til ein anna, så det er lett å takka ja til tilbodet.

Men så er det dessverre slik at svært lite er gratis, men heller eit spørsmål om prioritering. 200 millionar vart sett av til å gi innbyggjarane dette tilbodet, og me veit framleis ikkje kor mange månadar dette vil rekke til.

Dette er midlar som for eksempel kunne gått til oppussing av skular og barnehagar, innkjøp av utstyr, ungdomsprosjekt og andre viktige ting. Det er heller ikkje eit kommunalt ansvar å drifta kollektivtilbodet i fylket, men om ein likevel skulla gå inn på dette, trur Høgre det ville vore betre med auka frekvens i staden for eit gratis tilbod av eit kollektivtilbod som i denne delen av kommunen ikkje er godt nok i dag.

Eigedomsskatt er etter Høgres syn ein usosial skatt. Eigedomsskatt er skatt på skatt og gjer det vanskelegare å oppnå ein draum om eigen bustad, særleg for dei som er i etableringsfasen. Me i Høgre vil om me kjem i posisjon kutte eigedomsskatten gjennom perioden. I fyrste omgang legg me opp til ein reduksjon på 60 millionar fyrste år.

Me veit at mange har tøffe tider med auka prisar og høg rente på lån, så eit kutt i eigedomsskatten trur me ville vore til stor hjelp. Fleire eldre og mangel på kvalifisert arbeidskraft til helsesektoren vil bli ein utfordring me må løysa.

Høgre meiner me må byggja alle dei planlagde sjukeheimsplassane som ligg inne, men samtidig tenkja utanfor boksen. Dette er ikkje ein utfordring me berre kan byggja oss ut av. Difor vil me legga meir til rette for at eldre kan bu heime lengst mogleg.

Då treng dei vaktmeistertenester, avkopling gjennom Fiks ferdig ferie for eldre og eit apparat som tek vare på dei heime når dei treng det.

Nils Petter Flesjå Stavanger Høgre