Etter meir enn 20 turar til Israel kor me har jobba i kibbutz, på hotell og gjestehus, har me lyst å dele litt av våre erfaringar.

Ein av grunnane til at det har blitt meir enn den eine turen, er vårt møte med så mange spanande folk og ikkje minst kulturar … og så har me hatt så godt av å ruske opp i våre inngrodde haldningar og fordommar! Ein gong fekk eg så øyrene flagra: «Her i Israel er me ikkje jødar, arabarar, palestinarar, armenarar mm: ME ER ISRAELARAR!!» Den sat, og der lærte me noko svært viktig som me har tenkt på mange gonger.

For det første har me blitt oppfordra av palestinarar i Israel om å formidle vidare at dei ynskjer vere ein del av Israel; «Israel er eit demokratisk land. Me har jobb, skular, sjukehus og er likeverdige.» Palestinske vener i Betlehem seier den største tragedien i familien var då Oslo-avtalen trådde i kraft og grensa for palestinsk område blei trekt rett utfor huset deira. Dei budde opphavleg ikkje i Betlehem, men Israel gjekk med på å gi frå seg meir enn dei strengt tatt var nøydde til.

Me har forgjeves prøvd å få dette ut i media og tenker det er viktigare enn nokon gong å få det fram i desse dagar.

Israel var så totalt annleis enn det biletet me fekk servert i media kor ting har blitt meir og meir svart kvitt i Israel sin disfavør og det trigga å finne ut meir. I løpet av åra har me fått fantastiske israelske venner. Det inneber altså armenarar, arabarar, palestinarar og jødar og eit konglomerat med forskjellige livssyn. Diskuterer me Gaza problematikken, er det like mange meiningar som det er folk!

Ei av dei aller beste opplevingar er frå eit hotell i Jerusalem. Der jobba me som kristne saman med tre flotte muslimar frå Ramalla og med jødisk leiar! Respekten, varmen og omsorga dei imellom i ei tid med mange knivangrep kan neppe beskrivast. Også humoren oss imellom vil alltid følge oss.

Dei fleste av vennene våre bur i kibbutzane rett utfor Gaza. Me har jobba i kibbutz Nahal Oz og «følgt dei tett» sidan krigen i 2014 då Bar Mitzva (konfirmasjon) gruppa var på Finnøy for å få eit lite pusterom. Allereie då opplevde dei at Hamas prøvde innta kibbutzen via tunnelar. Allereie då la nyheitene einsidig fokus. Sikkerheitssjefen i kibbutzen stilte til alle intervju utan å kome til orde. Me blei rysta over korleis norsk presse bevisst utelét eller serverte feil informasjon. Dei små dryppa med feilinformasjon trur me er noko av det me ser resultat av i form av den aukande antisemittismen i dag.

Samtidig blei me imponert over at ingen av dei me møtte sa noko negativt om innbyggarane i Gaza. Ein liten 6-åring var nettopp drepen og me hadde forventa hat og hevntankar. Tvert om viste dei medkjensle; «Før 2005 jobba me i lag. Dei var våre venner, men nå blir Gaza styrt og kontrollert av Hamas. Hamas er vår fiende, ikkje innbyggarane i Gaza!»

Etter krigen i 2014 har Hamas mest dagleg sendt rakettar, av og til hundrevis, utan at det blir nemnt med eit ord i norsk presse. Borna til vennene våre er traumatiserte og har tilbrakt mykje av barndommen i bomberom også dei som kom hit i 2014 viste teikn på alvorlege traume.

Vår kjære Lihi, som på mirakuløst vis overlevde massakren i Kibbutz Beeri, har mista 112 venner på bestialsk vis. Ho er bare ein av tusenvis som må leve vidare med trauma etter massakren. I dag lever dei fleste av våre venner som flyktningar i eige land, men framleis må dei springe opptil fleire gonger kvar dag til bomberom.

Ofte har me fundert på korleis det ville vore om eit av våre naboland hadde sendt, om bare ein rakett, inn i vårt land? Kva er det som gjer at verda tier når Hamas tyranniserer med sine rakettar i årevis? Kvifor viser ikkje NRK palestinarane i Gaza som nå demonstrerer og torer tala Hamas imot, til og med trygle IDF om å fri dei frå Hamas? Det å utelate ting frå nyheitsbiletet kan vere det same som å feilinformere. Det ser me dagleg og det er ein stor tragedie. Samtidig funderer me litt på oss nordmenn; Me har i ryggrada ein stor tillit til politikarar og media, men den tilliten har i stor grad kulminert for vår del.

Og om nokon lurer, så støtter me: FRI GAZA FRÅ HAMAS!

Alle er me einige i at det er ein grusom krig som pågår!

Me må ikkje gløyme at dersom Hamas hadde brydd seg det minste om sine eigne sivile, sett fri alle gisla og lagt våpena ned, ville krigen vore over for lenge sidan!

Gunvor og Alv Nessa