Lesarbrev: Berre rehabilitering av meieriet peikar ikkje framover
Kvifor fylgjer ikkje kommunedelutvalet kommunedirektøren si innstilling med berre rehabilitering av meieriet? Fyrst og fremst fordi dette er ei minimumsløysing som ikkje peikar framover, skriv Jostein Eiane i dette lesarbrevet om utviklinga av Vikevåg sentrum.
Av Jostein Eiane , Stavanger KrF
«Det skal bygges et nytt bygg i Vikevåg på Rennesøy. Nybygget skal være kommunedelssenter med servicetorgfunksjoner og lokaler for helsetjenester med lege, helsestasjon, tverrfaglige lavterskeltjenester samt tannlege og frivillighetssentral.»
Formuleringa er henta frå intensjonsavtalen mellom kommunane Finnøy, Rennesøy og Stavanger.
Denne formuleringa, i tillegg til punkt om sentrumsfunksjonar, er utgangspunkt for saka om Vikevåg som utval for miljø og utbygging hadde til handsaming i starten av oktober. Saka om val av konsept for sentrum vart utsett.
Kommunedelutvalet i Rennesøy har vedtatt si innstilling i saka som kort går ut på å kombinere nybygg for kommunale tenestar med rehabilitering av Meieriet. Dette er ikkje eit både-og vedtak, men ei heilskapleg tilnærming til sentrumsutvikling. Det er noko gjenbruk i kombinasjon med nytt. Vårt val reduserer økonomisk risiko knytt til å heilrehabilitere meieriet med bankhvelv og
helsesenteret med noko tilleggsareal. Vedtaket er i samsvar med intensjonsavtalen.
Det er verneverdiar knytt til meieriet som gjer det vanskeleg å leggje til rette heile bygget for nytt bruk. Brukarane er også klare på at storkjøkken og hovudsal som i dag, høyrer til ei storstove for kommunedelen.
Fleirtalspartia i Stavanger bad kommunedirektøren om å kostnadsrekne Rennesøy sitt vedtak og ei vurdering av kostnadsreduksjon ved dei ulike alternativa. Det korte svaret på det er; dess mindre ein gjer dess rimelegare vert det. Simplare løysingar er billegare enn kvalitetsløysingar. Skal ein i tillegg
ha det fint, kostar det også. Risikoen ved å ta fatt på noko gammalt er større enn ved nybygg.
Ein stor del av kostnadane er knytt til uteområda. No er det blitt bra med nytt fortau frå sentrum til helse- og omsorgssenteret. I sjølve Vikevåg må mykje gjerast før sentrum er trafikksikkert og tilgjengeleg for alle. Å gjere innsparingar knytt til rekkefylgjekrava er ikkje måten å møte framtida.
Kvifor fylgjer ikkje kommunedelutvalet kommunedirektøren si innstilling med berre rehabilitering av meieriet? Fyrst og fremst fordi dette er ei minimumsløysing som ikkje peikar framover. Det vert knapt med areal frå fyrste dag. Høve til samlokalisering med innbyggartorget og biblioteket er det lite plass til.
Ambisjonen om å ha innbyggartorget tett på ny næring blir vanskeleg. Arealet der kaibygget står er nøkkelen til ei heilskapleg løysing der det offentlege legg premissane. Eit nytt helsesenter er eit godt grunnlag for etablering av verksemd knytt til dette. Ved kommunesamanslåinga var det sett av 80 mill. til Vikevåg sentrum.
Sidan den tid har byggekostnadane auka med ca. ein tredel. Endelege kostnader og eventuelle måtar å spare på vil være ein del av prosjekteringa. Eg tenkjer det ikkje er der kommunen møter innbyggarane ein må spare fyrst. Dei færraste vil, slik samfunnet er, være innom rådhuset i si levetid, medan innbyggartorg
og helsesenter er ein del av dagleglivet. Framdrift i prosjektet er også vesentleg no.
Det har gått tre år utan at nokon vedtak er gjort. H, FrP, V og KrF følger eit einstemmig kommunedelutval når det gjeld løysing, og har prioritert dette i sine alternative budsjett.