Israels barbariske hevn
Alle kjenner til kva som pågår på Gazastripa. Krigen starta 7. oktober med Hamas sitt åtak på Israel.
I Gaza by var det før krigen over 2 millionar mennesker. Total befolkning cirka 2,5 millionar, for det meste palestinarar. Av desse er over halvparten under 14 år og har ikkje opplevd anna enn å vera flyktning. Stor del av dei over 14 år har lidd same skjebne.
Eg forsvarer på ingen måte Hamas, la det vera klart. Det er ein organisasjon som er tufta på terror og å skapa frykt og bruka dei sivile som brikker i eit spel. Og dessverre så er palestinarane dei som får lida. Palestinarane på Gazastripa er for det meste fredlege folk. Mange av dei har dessverre gjennom generasjonar blitt fiendtleg innstilt til Israel som i tiår har tatt landområder frå palestinarane. Bosetterar frå Israel har tatt stadig meir landområder og fordrive palestinarane på flukt. Gått inn i heimane deira og jaga dei ut av husa sine. Fikentrea som bortimot er heilage for palestinarane, har blitt saga ned og brent. Om dei ikkje berre er heilage for palestinarane, så er fikentrea ein del av det å livberga seg på.
Den israelske bombinga av Gaza pågår med uforminska styrke. Sist veke klarte israelarane å skyta rakettar inn i ein flyktningleir, heilt bevisst. Forklaringa til Israel var at det befant seg høgtståande Hamasleierar der. Både Netanyahu og den israelske militærledelsen har erklært hevn over Hamas for deira angrep på Israel 7. oktober. Hamas skal utslettast kosta ka det kosta vil av uskuldige sivile liv. Det betyr visst ingen ting. Hevn betyr nå alt, uavhengig av trusretning. Men får ein vidsyn når hevnen er i førarsete?
I Jesus Bergpreiken står det blant anna at du ikkje skal gjengjelde vondt med vondt, men vende det andre kinn til. Israel har i mange samanhengar blitt kalla Guds folk. Ein kan spør seg om ikkje Guds folk burde hatt ei heilt anna innstilling til den bibelske læra enn det som her blir lagt for dagen
Hitler prøvde på 1930-40-talet å utrydda jødane som folk. Hitler skilde ikkje på om dei var barn, kvinner eller menn. Dei skulle utryddast. Cirka 10 millionar jødar blei drept. Ei heil verd følte sympati med jødane og deira skjebne, og med rette. Det var ein krigsforbrytelse utan sidestykke på den tida.
Av Israels befolkning er cirka 75 prosent jødar, mange av desse er tydelegvis også ute etter hevn. Eg har alltid trudd at jødane ville vore litt meir audmjuke i forhold til den sympatien dei har hatt frå ei heil verd etter det som skjedde når Hitler ville utrydda dei som folk.
Dei to krigane som pågår i Midtausten og i Ukraina kan veldig godt samanliknast. Dei er styrt av korrupte makthavarar i Netanyahu og Putin. Begge skal ta meir landområder. Den einaste forskjellen på dei to er at Putin ikkje er sikta eller dømt i Russland for korrupsjon. Netanyahu er sikta, men enno ikkje dømt fordi han kan ikkje dømast så lenge han sit som statsminister. Dei fleste meiner at han blir dømt for korrupsjon når han er ferdig som statsminister. Putin er heller ikkje dømt for noko i Russland, dette fordi det er jamgodt med å skriva under på sin eigen dødsattest eller sjå fram til livstid i fengsel dersom nokon prøver å opponera mot han. Begge er korrupte og begge brukar same metoden i krigføringa dei held på med. Måten dei driv krig på er nøydd for å resultera i tusenvis av drepne sivile. Dette er av Genevekonvensjonen stempla som krigsforbrytelse.
I Gaza by er det ingenting som ikkje er lovleg mål. Flyktningleirar, Sjukehus, boligar og ambulansar er lovleg mål for Israel. Foreldre til innbyggerane merkar kroppsdelar på barna sine med tusjpenn for å ha større mulighet for å finna att deler av dei i ruinane så dei i alle fall kan begrava litt av dei i massegraver. Eg beklage å sei det, dette er eit helvete og begått av ondskapsfulle mennesker som me dessverre ser altfor mykje av.
Israel seier at for å unngå tap av sivile liv så må dei som er i Gaza by flykta sørover. Men ka i herrens namn skal dei flykta til? I sør møter dei grensa til Egypt. Den har i nokre dagar vore open. Men har den vore open for palestinarane? Nei, den har vore open for at bl.a. amerikanarane skal få sleppa ut av Gaza i live.
Kva kan så verda utanfor gjer? Ein må i alle fall fordøma på det sterkaste krigsforbrytelsane som pågår. Alle land skulle gjort det. Nå har mange land nettopp gjort det. Bl.a. så har Tyrkia av alle gjort det. Men har USA, som er den som kunne påverka situasjonen, gjort det? Nei, utanriksminister Blinken er veldig forsiktig med å kritisera Israel, som alle hans forgjengarar har vore. Å ikkje kritisera eller fordøma har så langt ikkje gitt resultat
Så må det ein varig løysning til.
Ein ting som er hundre prosent sikkert er at viss det ikkje blir ein løysning for palestinarane, så blir det ikkje fred. Palestinarane må bli anerkjent og få tilbake deler Vestbredden som blei tatt frå dei under Seksdagarskrigen i 1967. Sjølvsagt så må det også innbefatta Gasastripa, sjølv om det meste snart er lagt i grus. Hvis ikkje så er eg redd for at dei fleste av dei som bur på Gasastripa i dag og ikkje er drept, men har opplevd å sjå sine kjære søsken, far, mor og familie ellers, bli sprengt i fillebitar, ja då kjem eit stort antal av desse bli terroristar. Al Qaida og Bin Laden kjem bare til å bli eit lite parentes.
Av Arild Flesjå