Eg blei glad då eg såg stiftinga av Arbeidslaget for Øyfast.

Som veteran i arbeidet med Øyfast (89) i det som den gong heitte «Liv Laga» varma det at stafetten går vidare. Her var eg formann og hadde eit veldig mot.

Me arbeidde med Rennrand, altså samband fram til Randøy. Eg fekk Sigmon Berge, ingeniør på veikontoret, til å laga tidsskjema Hjelmeland – Stavanger 50 minutts kjøretur. Eg vil tru kortare kjøretur til byen enn Ryfast. Her var ein påstand som eg ikkje kan dokumentera.

Arbeidet vårt enda med Finn- Talgjefast og Ryfast.

Det nye Arbeidslaget må ha hissig målsetjing: Her må dei ikkje stå med hatten i handa. Det må bli eit krav om samband til Hjelmeland.

Ryfylke vil bli samla til eitt rike der næringslivet vil profittere. Dette sambandet vil bli Ryfylkeringen, ei spektakulær turistattraksjon: Ryfylke rundt. Starta i Stavanger og rundt i heile Øyriket.

Det blir slått fast at Ryfylke er ein fargerik, dynamisk dimensjon i det norske landskapet.

Laks og næringsprodukt vil vera framme i Oslo nyhausta på dagen. Det må gå an å rekna ut den økonomiske gevinsten som vil vera med å finansiere prosjektet.

Med å vera så frekk og ikkje ha hatten i handa og lansera denne løysinga, heilt fram til Hjelmeland, så må noen i alle fall anstrenga seg og seia nei.

Facit:

1. Løysing fram til Hjelmeland: Næringslivet i heile regionen vil veksa, turismen florera. Denne heilskapsløysinga med større nedslagsfelt vil rettferdiggjera den tilsynelatande store kostnaden.

2. Ikkje Hjelmeland: Me får ein blindtarmkommunikasjon som endar midt i bassenget. Me kjem ikkje i mål, det blir fem endepunkt. Ombo, Sjernarøy. Ombo, Bokn, Byre, Fogn. For å koma vidare må dei alle reisa tilbake same veg dei kom.

Til og med dei som meiner seg å ha best vit i denne saka må sjå den soleklare framtidsretta økonomiske gevinsten i Hjelmelandsalternativet. Minus Hjelmeland blir eit fatigmannsalternativ utan vyer.

Ønsker Arbeidslaget lukke med den spennande jobben.

Av Olav Hovda