Marta

Publisert: Publisert:

Marta er født på attenhundretalet på Hauskje. Eg trur at mor til Marta het Anna, men gjekk under navnet «Gide meg». Var det ting som hadde skjedd, ja så kom ordet «gide meg». Hun mente hun «snakket pent».

Tilbake til Marta. Ho begynte på skulen, men læraren, han Pigola, likte ikkje Marta. Ho var litt mindre fin, og stamma når ho snakte. Ellers likte læraren småjentene, men Marta fekk aldri ein klem slik som dei andre. Om der var surt ute, jaga han guttungane ut så han kunne kosa seg med småjentene.

Marta budde heime hjå mor si til ho gjekk bort. Deretter måtte kommunen ta seg av Marta. Dei laga ei lita leilighet i ei lita løe på Judaberg. Marta var glad i ender og kattar. Ein gong ho var sint, sette ho fyr på leiligheta. Folk ropte at det brant – la det brenne, sa Marta. Ja, men katten er innestengt, sa dei. Då kom Marta fort tilbake og fekk slukt brannen. Ingen katt, det var kun for å skrema henne.

Det hente at rutebåtane frå Stavanger hadde passasjerar som ikkje var edru. Då blei dei ofte kasta på land på Judaberg. Marta tok seg då ofte av dei, fekk dei opp i leiligheta og til sengs. Ho blei spurt av naboane om ho då måtte liggja på golvet den natta. Å nei, sa Marta, eg ligg i senga, det er god varme frå mannen.

Når sengegjesten vakna, blei han fort edru og tok ut fortast muleg. Kursen gjekk til Reilstad og så vidare til byen.

Marta kunne vera svært god i munnen og var ikkje lett å skrema. Ho likte godt blomster, som ho stal på kyrkjegarden. Nokre ville skrema henne med kvite laken, men då kvesste Marta i: «Sjå og kom dere ned i hålene, ellers så skal eg varsku gravaren».

Det gjekk mot haust, og Marta sa ho skulle ein tur til byen når ho var ferdig med frukta. Men ho tok ikkje ein einaste tur. Då Marta var heime, hadde dei byfolk hjå seg. Ein av gjestene var Gustav. Så ein dag kom Marta til presten. Ho sa det som det var at han Gustav blir litt nærgåande, så me får visst gifta oss. Det er greit, sa presten, her er eit skjema du må fylla ut. Marta såg på skjemaet, og sa: « Eg trur ikkje så mykje om skjema til presten. Og vil presten heller at me skal leva i synda, så kan me det».

Marta elska å gå til doktoren. Om pasientar venta på tur, ville ho vera den siste. Marta blei gamal, og døydde på sjukeheimen. Ho hadde ein bror, Nils. Han reiste til Amerika og budde saman med indianarar ei stund. Han blei ein stor pokerspelar, ingen klarte Nils i poker. Han kom heim til Norge via Frelsesarmeen. Då han traff si gamle mor igjen, såg han på henne, og sa: « Du er blitt gamal nå, mor, me må vel snart skyta deg».

Han budde på Hauskje, men selde huset til sin halvbror, Guttorm. Nils fekk seg ei lita hytte i Hauskjeneset, som fekk navn Nilsebu. Det likte ikkje Nils, men då han fekk høyra at eit hotel hadde same navnet, blei det godtatt.

Guttorm, halvbroren, sto seg godt. Han frakta poteter til Bergen og gjorde gode pengar. I blant fekk Nils vera med. Dei gjekk då under navna Den rike mann og Lazarus. Nils fekk det godt då han mottok alderstrygda. Han såg ut glaset på fiskarar på veg ut, og sa med seg sjølv at dei kunne ikkje ha det sprekt økonomisk når dei måtte ut i slikt vær.

Tilbake til Marta. Fleire hadde det navnet, derfor gjekk ho under navnet Tysse Marta.

Kanskje der er meir å skriva, det er sikkert mange andre som veit meir enn det eg skriv.

Harald Få

Publisert: