Runes tips til korleis lage noko sterkt av bjørnebær

Bjørnebær kan òg brukast som base for ein prima julelikør.

Rune Nordbø med bjørnebær frå Øypostens stand under Rennesøydagen.
Publisert: Publisert:

Laurdag hadde Øyposten stand på Rennesøydagen der me hadde dekorert bordet vårt med ein kvast bjørnebær. Dekorasjonen fekk Rune Nordbø frå Mosterøy til å kome med ei god oppskrift.

– Av bjørnebær kan du lage ein nydeleg likør, fortel Rune:

– Fyll eit to liters norgesglas med bjørnebær. Ha på sukker i mellomrommet mellom bæra, og ha til slutt 60 prosent til toppen av glaset. Skru igjen lokket og snu glaset kvar dag i to veker.

Så kjem eit viktig punkt.

– Glaset må ikkje opnast før jul, seier Rune:

– Kvaliteten blir mykje betre når likøren får stå ei tid og modnast.

Mengda sukker tilpassast etter smak. Rune likar det best at det ikkje er for søtt, fortel han.

Publisert: