Frivillige på språkcafeen som blir med å arrangere sommarfest; f.v. Monika, Lexa, Øydis, Trond, Marius, Ingvild, Anja og Ingebjørg. Ragnhild, Anne og Odd var ikkje med då vi tok biletet. Foto: Privat

Finnøy kommunedel har over lang tid hatt mange innbyggjarar frå mange land. Mange har komme frå Aust-Europa og jobba i gartneria på øyane her. Det er såleis mange barn i barnehage og på skulane som har ulike kulturar. Etter kvart har Finnøy også fått flyktningar frå til dømes Syria og Ukraina.

Frivilligsentralen har kvar torsdag språkcafe på biblioteket på Judaberg, der både norske og utanlandske treffest og snakkar norsk saman og utvekslar kultur og deler vennskap.

Frivillige i samarbeid med kyrkja i Finnøy vil lage til ein fleirkulturell familiefest laurdag 3. juni i ein hage på Hauskjeneset. Vi får låne Birgit Ulveseth Spanne og Bendik Heggelunds store hage og badestrand i Judaberg sentrum.

Alle har med grillmat og drikke til seg og familien, så blir det servering av salatar og kaker, både rumenske, ukrainske og norske kaker. Gjengen i språkkafeen har planlagt leiker for barna, og kanskje kan det bli «Allsong på Fjordsyn»? Vi håpar i alle fall på fint og lagleg vær, slik at barn og vaksne kan få teste badestranda og få seg eit sjøbad i starten av sommarferien.

Fleire barn har store planer for sommaren, Spania, Portugal, Hellas, England, Danmark eller til og med Asia. Ikkje alle familiar har samme mulighet eller ønske om å reise så langt vekk, og vi har fine plassar her heime og mange flotte menneske å bli kjent med. Det gjeld av og til å bare legge til rette for gode møteplassar, det er det vi ønsker.

Det er frivilligsentralen og kyrkja i Finnøy saman med ei gruppe frivillige som vil arrangere festen, som startar laurdag 3. juni klokka 14.00.

Ingvild Angelskår Moen

Kart som viser feststaden på Hauskjeneset 33: