– Kanskje kan dette vere ein kickstart for å få til noko meir, seier Rebecca Egeland, koordinator for Rennesøy bibliotek.

Rett over pinse, tysdag 30. mai midt på dagen, arrangerer ho konsert med to folkemusikarar i biblioteket i Vikevåg. Då kjem duoen Rygir med Stig Helgeland på hardingfele og vanleg fele og Torbjørn Grindheim på gitar og vokal.

Brei bakgrunn

Biblioteksjefen har sjølv solid bakgrunn frå folkemusikk. Ein dag i veka jobbar ho ved Folkemusikkarkivet for Rogaland i Sand i Suldal. Ho har tidlegare skrive masteroppgåve om nystevtradisjonen i Hylestad i Setesdal, og ho er ei av få kvinner her i landet som trakterer munnharpe.

– Eg har ikkje vist fram folkemusikkinteressa mi så mykje på Rennesøy. Konserten tysdag kan kanskje gi inspirasjon til å gjere noko meir, seier Egeland, som pendlar til Rennesøy frå Randaberg.

Landskapet på Rennesøy og Finnøy minner ikkje så lite om Irland og Shetland, som har ein folkemusikktradisjon utan like. Så landskapet er det ikkje noko i vegen med.

– Innslaget av folkemusikk her ute må me vel sei er nokså grissgrendt. Me får sjå på responsen tysdag. Eg er open for å få til meir, seier Egeland.

Fast treffpunkt

Rygir spelar først ein konsert på Rennesøy helse- og omsorgssenter klokka 11.00 og så på Rennesøy bibliotek klokka 12.30.

– Uansett vil me på tysdagane framover prøve å få til eit treffpunkt på biblioteket, seier biblioteksjefen.

For tilstellinga rett over pinse var det Rygir sjølv som banka på døra og sa dei hadde fått støtte til å spele. Vel vitande om at folkemusikk ikkje nødvendigvis fører til kø av folk som vil inn, står det på plakaten: «Kombinasjonen med tolvstrengsgitar, hardingfele og vanleg fele gir ein stor, rå og levande lyd som vil fenge musikkinteresserte langt utanfor den tradisjonelle folkemusikken.»

Stig Helgeland (t.v.) og Torbjørn Grindheim utgjer duoen Rygir. Foto: Privat