FINNØY-RENNESØY: – Dette er eit veldig bra system. Med denne ordninga får fleire låna bøkene medan dei er nye og populære. Det gjeld berre til ei kvar tid dei mest populære bøkene.

For alle dei andre bøkene er det vanlege utlånsreglar som gjeld, fortel leiar på biblioteket på Finnøy, Merete Merling Kindingstad.

Først til mølla

Desse såkalla 1-vekes bøkenen kan heller ikkje reserverast, slik alle dei andre kan. Du må sjølv gå innom biblioteket for å sjekka kva for bøker som er tilgjengelege.

– Dette fungerer kjempebra. Den nye ordninga gjer at at utlånstakten blir mykje høgare, og fleire får anledning til å lesa bøkene. Når den største interessa byrjar dala, går bøkene over til å lånast ut på vanlege vilkår. Difor kan det variera både i tid og tal på kor lenge bøkene er på 1-vekes utlån.

– Kven bestemmer kva for bøker som skal på 1-vekes utlån?

– Det er Sølvbeget i Stavangar som dei sitt på alle tal og informasjon om bøkene, og som heile tida vurderer dette. Dei mest populære julebøkene var på 1-vekes utlån heilt til no, men kom tilbake på ordinært utlån etter nytttår. Eg har ikkje full oversikt over kor mange bøker me har tilgjengeleg på denne ordninga, men det er mindre enn Stavanger og meir enn Rennesøy. Akkurat no er det fem bøker inne av 1-vekses bøkene, resten er på utlån. Når systemet «ser» at dette er populært og bøkene fyk ut, får me tilført meir bøker til ordninga. Det er forskjellige bøker på forskjellige bibliotek som er 1-vekes bøker.

Gode erfaringar

– Klarer folk å lesa bøkene på ei veke?

– Ja, det vil eg sei. Så lenge dei veit kva regel som gjeld, er dei innstilt på det og leverer boka innan tidsfristen. Det har ikkje vore utfordringar med dette. Folk likar å lesa bøkene medan dei er nye og aktuelle. Det store utvalet av nye bøker gjer denne ordninga ekstra verdifull. Dette gjeld ikkje for barne/ungdomsbøker, fortel Meling Kindingstad.