Etablert kunstnar stiller ut på Finnøy

Herbert Thoma er ein av haustens utstillarar i Ryfylke Kunstlag, og utstillinga hans kjem nå til Finnøy.

Bilete med blomst
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY: Utstillinga hans skal nå på vandring mellom seks kommunar i Ryfylke, og mellom dei er Finnøy.

Thoma er født i Austerrike i 1944, og er utdanna ved Akademie für Angewandte Kunst i Wien.

Han er innkjøpt av mellom anna Riksgalleriet, Nasjonalgalleriet, Norsk Kulturråd, og
Rogaland Kunstmuseum. Gjennom årene har Thoma hatt mange separate og kollektive utstillingar i inn-og utland.

Thoma sjølv beskriv det kunstnariske uttrykket sitt som ekspressiv tilnærming til biletleg språk. I sine malerier arbeider han hovedsakelig med tempra og oljemaling. I dei grafiske teknikkane jobbar Thoma mest med dybdetrykk.

Utstillinga kan sjåast i biblioteket på Finnøy i perioden 5. - 10. september.

Publisert: