Oddgeir Bruaset kjem til Finnøy og Rennesøy denne veka. Han kal snakka om julesongar og-tradisjonar. Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten.|Oddgeir Bruaset kjem til Finnøy og Rennesøy og skal blant anna snakka om norske julesongar og- tradisjonar. Foto: NRK

FINNØY/RENNESØY:

Bruaset skal blant anna vera med på forskjellige arrangement på Finnøy, Fogn, Halsnøy og Rennesøy, samt ryfylkecruise på Jøsenfjorden med Jon Arne Helgøy og co.,

Mange kjenner nok Bruaset fyrst og fremst frå fjernsynsserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

I 14 år portretterte han folk over heile landet som har velt å leva liva sine på dei mest utrulege stader; på ei fjellhylle, på ein holme eller på ein veglaus gard. NRK-serien blei kjempepopulær og hadde 1,2 millionar sjåarar. I 2013 fekk han æresprisen frå Norsk kulturarv.

Alt om jula

Men ikkje berre det. Bruaset har skrive fleire bestseljarar, mellom anna boka «Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu», som kom ut i 2018.

Boka inneheld ei blanding av historiar frå avsidesliggande gardar og grender, med vekt på julehistorier, og artiklar om emne som høyrer jula til, slik som julesongen, julestjerna og julegåvene.

Det er blant anna dette Bruaset skal snakka om når han kjem til Ryfylke.

Bekymra for julesong-arva

Bruaset er uroa for at dei unge som veks opp i dag skal gløyma, eller ikkje få høve til å læra seg, tradisjonsrike julesongar. Difor ga han ut boka om julesongane si historie, «Stille natt - historiene bak julesongane våre». I boka tek han med alle vers, noter og besifring, nettopp for at den yngre generasjonen skal få tilgang til julesangskatten.

Oddgeir Bruaset har fått fleire prisar og utmerkingar for arbeidet sitt, mellom anna Kongens fortenestemedalje i sølv i 2009 og heidersprisen under Gullruten i 2015.