Årets mest populære artiklar frå Øyposten

Her får du nokre av dei mest populære artiklane våre frå Finnøy-området i 2021.

  • Iris Elin Ullvang
Publisert: Publisert:
FINNFAST BLEI GRATIS: Svein Terje Imsland og kona Cathrine jubla over at tunnelen nå er blitt gratis.

FINNØY: Under finn du nokre av artiklane frå Finnøy og nærliggande øyar som (blant anna) har vore mest lest, diskutert, eller mest populære på Facebook-sida vår.

Du kan finne anbefalingar av artiklar frå Rennesøy her.

I kronologisk rekkefølge:

https://www.oyposten.no/2021/02/20/strikking-er-torbjorg-hebnes-sin-store-lidenskap/?fbclid=IwAR1m7ehk06Tnaw4Ic2YaMMOtr14mA8qhrVHG4JKex3NVqc-DNWDY4CHnGjg

Torbjørg Hebnes har strikka i over 60 år, og strikkar luer til kreftavdelinga på sjukehuset, innesko til Ukraina og dokkeklær til julemessa.

Det blei feira på Finnøy då Finnfast blei gratis. Her får Lukas Źuravliovas servert ein saftig munnfull Finnfast-kake av Kathrine Flesjå i Finnøy Betong.

https://www.oyposten.no/2021/06/30/finnfast-blir-gratis-feiringa-i-gang-pa-finnoy/

Finnøybuen begynte feiringa tidleg då Finnfast blei gratis frå midnatt. Denne gjengen planla å kjøra traktor gjennom Finnfast heile natta etter at innkrevinga av bompengar stansa.

https://www.oyposten.no/2021/07/01/jonas-og-line-blei-historiske-gjennom-finnfast/

Jonas Augestad og Linn Christine Steinnes i bobil blei dei første som kjørte gratis gjennom bommen i Finnfast. Men i farta kjørte dei rett forbi velkomstkomiteen ved tunnåpninga på Finnøy.

https://www.oyposten.no/2021/07/11/giganthjort-pa-spanne/

Rett rundt huset til Kristian Spanne såg han den største hjorten han nokon gang har sett.

https://www.oyposten.no/2021/08/01/populaer-pop-up-kafe-pa-finnoy/

Liv Helene Austbø fekk langt fleire besøkande på pop-up kafeen på Finnøy enn ho hadde venta.

TOPPBRYLLUP PÅ BANDÅSEN: Brudeparet med forlovarar. F.v: Egil Husebø, Bernt Arild Vestersjø, brudeparet, Gina Christensen, Regina Ådland og Hilde Eide.

https://www.oyposten.no/2021/08/07/sa-flott-blei-bryllupet-pa-stavangers-hogaste-punkt/?fbclid=IwAR2rbuLDjQjh4zQBelAZpOAhk9NnK0qdTelzfn7ihCTSTXj1E2p_lkGd0Jg

Det blei ein vakker seremoni då brureparet ga kvarandre sitt ja på det høgste punktet i kommunen, akkompagnert av nokre regndråper. Og det på dagen, 13 år etter at dei møtte kvarandre for fyrste gong

https://www.oyposten.no/2021/08/27/har-planar-om-uteservering-pa-judaberg/

Stephan Dickinson har kjøpt det gule huset i smuget på Judaberg, av eldre folk bare kjent som Martha Aas-huset. I hagen har han planar om å laga til uteservering, og kanskje restaurant der det ein gong var butikk.

https://www.oyposten.no/2021/08/20/her-gar-det-skeis-for-dag-otto-til-barnas-jubel/

Midt i «mørdarbakken» på Sentralskulen trør sjølvaste sykkelkongen Dag Otto Lauritzen «feil», og må kasta seg av sykkelen.

Cindy Falkeid har suksess med si nye matbod.

https://www.oyposten.no/2021/09/02/siste-brod-er-seld-fra-denne-butikken/

I haust stengde Nærbutikken på Nesheim dørene for godt.

https://www.oyposten.no/2021/09/11/bli-med-ombord-i-den-nye-ferja-mf-hidle/

I september klappa MF «Hidle» til kai i Stavanger. Øyposten var på plass og fekk omvising ombord. Bli med og ta ein kikk.

https://www.oyposten.no/2021/09/12/feirar-70-ar-med-ekte-kjaerleik/

Gneisten mellom Olaug (89) og Edvin (91) Hesby blei tent på dansen på Tippen i 1947. Etter 70 års samliv fortel dei om eit lukkeleg ekteskap, men det har ikkje berre vore ein dans på roser.

https://www.oyposten.no/2021/10/02/matboda-til-cindy-blei-raskt-populaer-pa-finnoy/

Cindy’s små gleder er nok kome for å bli. Den nye matboda på kaia på Judaberg har fått veldig god mottakelse, og kundane skryter også Cindy sjølv opp i skyene.

JAKTAR PÅ HAVETS KARDINAL: Mari-Anne Runestad frå Fogn tek ein siste sjekk før årets hummarsesong starta.

https://www.oyposten.no/2021/10/01/jaktar-pa-havets-kardinal/

– Hummerfiske er i stor grad ei mannegreie, på same måte som haustjakta, men det er ingenting i vegen for at jenter kan driva hummarfiske, det er minst like spennande for oss, seier Mari-Anne Runestad frå Fogn.

https://www.oyposten.no/2021/10/27/bygger-nytt-og-hapar-fleire-bonder-gjer-det-same/

Kjartan Nedrebø og Ragnhild O. Steigen bygger nytt fjøs på Sjernarøy, og håpar at fleire bønder i øyane vil satsa på landbruket.

https://www.oyposten.no/2021/10/28/stoppa-leik-inspirert-av-voldeleg-netflix-serie-pa-finnoy-skule/

I førre veke oppdaga tilsette på Finnøy sentralskule at elevane lekte ein ny versjon av «raudt lys»: I staden for at dei berre tapte viss dei gjekk på raudt lys, lata dei som dei døydde. No er rektor Bente Tjelta bekymra.

https://www.oyposten.no/2021/10/28/oybu-har-ansvaret-for-a-rivinga-i-radhuset-kjekk-jobb/

Arbeidet er i full gang med det som skal bli Stavangers nye rådhus. Det gamle rådhuset midt i Stavanger sentrum er snart bare eit tomt skal, og i spissen for rivinga står ein sjernarøybu.

https://www.oyposten.no/2021/10/28/flytta-inn-i-ny-brannstasjon-pa-finnoy/

I år flytta dei lokale brann- og redningsmannskapa i Rogaland brann og redning IKS inn på den nye brannstasjonen på Judaberg.

Slik såg himmelen over Rennesøy ut 21. desember. Bilete er tatt frå Holmastø på Fogn.

https://www.oyposten.no/2021/11/04/vegard-og-ruben-lager-podkast-for-finnoybuen/

Søskenbarna Vegard og Ruben Eggebø er fødd og oppvakse på Finnøy og har difor naturleg nok ei forkjærleik for heimstaden. Det har ført til ein eigen podkast, dedikert til øya.

https://www.oyposten.no/2021/11/18/fleire-kommunedelsleiarar-har-signert-opprop-mot-saksgangen-for-arealplanen/

Kommunedelsleiarane sendte inn oppropet i forbindelse med at dei følte seg forbigått, i forbindelse med behandlinga av den kommunale arealplanen.

https://www.oyposten.no/2021/12/26/mista-sonen-for-18-ar-sidan-vondt-a-ga-til-ei-umerka-grav/

For 18 år sidan døydde sonen, Sigurd Helgeland, uventa av hjartestans. Han blei berre 35 år gammal. No er grava hans på Finnøy umerka.

https://www.oyposten.no/2021/12/28/difor-er-himmelen-over-rennesoy-knall-lilla/

I desember var det mange som opplevde ein intens lillafarge på himmelen over Hanasand. Men kva er det eigentleg som er årsaka til dette?

NB: Merk deg at nokre av sakene er nokre veker eller månader gamle og det kan difor vera noko utdatert info t.d. i nyheitssaker.

Godt nyttår!