Ryfylkepuls: Ta eit bad med Nils Bjarne Voll i Suldalsosen
I denne utgåva av Ryfylkepuls kastar programleiaren seg uti Suldalsvatnetr saman med suldølen Nils Bjarne Voll, som badar bare for kosen med gode vener.
SULDAL: Dei vågar å drøyma stort og likar å satsa stort. I Suldalsosen satsar eit livskraftig idrettslag på å byggja eit nærmiljøanlegg av det heilårlege og store slaget. Ved enden av Suldalsvatnet finn du to daglegvarebutikkar tett i tett, i ei relativt lita bygd.
Men, butikkane sviv godt begge to, takka vera lojale innbyggjarar og mange gode hyttesuldølar. Og ungdomen skal ut, men skal garantert tilbake til både garden og Osen. Då er det grunn til å kasta seg ut i Suldalsvatnet for ein forfriskande novemberdukkert. Velkomen til Ryfylkepuls frå Suldalsosen.