Meir om kvifor det heiter Judaberg
Arvid Bjerga trur namnet Judaberg kjem frå Levin Petersen Oxenius som dreiv gjestegiveri på Hagaberget på 1700-talet.
Harald Få skreiv nyleg i Øyposten at namnet Judaberg skriv seg frå då Norge kom under dansk styre og ein lite likt danske frå Jylland blei sett til å styre Finnøy.
Store norske leksikon skriv dette om namnet Judaberg:
«Første ledd av jute, jyde, og sikter til en mann fra Jylland, Sefrinn Iude, som drev handel på Hagaberg, nåværende Judaberg, omkring 1520.»
Arvid Bjerga vil ikkje avfeie anten Harald Få eller Store norske leksikon, men han meiner opphavet kan diskuterast. Han viser til gards- og ættesoga for Finnøy frå 1995 ført i pennen av Halvard Bjørkvik.
Langt seinare
– Bygdeboka diskuterer dette og kjem fram til at Sefrin Jyde ikkje kan vera opphavet til namnet, seier Bjerga.
Bygdeboka skriv at me må fram til 1760-åra før me finn namnet Judaberg skriftfest. Fram til då blir staden omtala som Hagaberg. Først på 1820-talet blir Judaberg einerådande som offisielt namn på den gamle gjestgivarstaden, står det.
Bygdeboka meiner opphavet er strandsitjaren Jens Andersson, som budde på Hagaberget seinast frå 1672 til han døydde i 1708 godt over 80 år gamal. Andersson var jyde, altså frå Jylland, og sonen blei kalla Kristen Jyde.
Jødisk frå Jylland
Arvid Bjerga har mest tru på ein tredje teori i og med at Judaberg ikkje blei bruka skriftleg før frå 1760-talet.
– Levin Petersen Oxenius kom frå Hjelmeland til Finnøy og dreiv gjestegiveri på Hagaberget frå 1734 til 1746, fortel Bjerga:
– Foreldra hans var får Husum i Sør-Jylland, det som i dag er Nordfrisland i Tyskland. Dei var altså jydar. I tillegg er Levin eit jødisk namn.
Bjerga trur begge delar kan ha spela inn. Arvid Bjerga er elles styreleiar i organisasjonen Shavei Israel Norge, som hjelper foreldrelause jødar med å finne røtene sine.
Munnleg og skriftleg
Kjeldene fortel altså om fleire jydar, i meininga innflyttarar frå Jylland, som budde på dagens Judaberg frå 1500-talet og framover. Kan namnet Judaberg først ha oppstått på folkemunne, som Harald Få er inne på, før det seinare gjekk inn i skriftspråket, som bygdeboka påviser tidspunktet for?
Øyposten kan berre spekulere, men me vil gjerne høyre frå fleire som har noko dei ville sagt.