Rennesøy Hagelag fyller 40 år
Torsdag feirar Rennesøy Hagelag at dei har halde på i 40 år.
– Me arrangerer hagevandringar og fleire kjekke arrangement gjennom året, og me vil gjerne ha fleire medlemer, seier kasserar Helga Hebnes i Rennesøy Hagelag.
Hagelaget har kring 70 medlemer og nyleg hadde dei stand under Rennesøydagen.
Torsdag 7. september feirar dei at laget er 40 år.
– Me har først eit foredrag med designar Janne Narvestad, som fortel om flotte uterom. Så blir det jubileumsmiddag hos Tommys Kjøkken på Sokn, fortel Hebnes.
Leiar i hagelaget er Lise Heidi Hanasand. Rennesøy Hagelag er medlem i Det Norske Hageselskap, som blant anna gir ut bladet Norsk Hagetidend.