Einar Reilstad Foto: Arkiv

Reilstad skulekrins gjekk frå og med Ytre Ladstein til og med Vigjå. Det første skulehuset eg har høyrt om, stod på Kindingstad-g.nr.11 Solborg og var bygd nokre år etter 1870. Her står nå ei hytte med steingjerde omkring tilhøyrande Dørheim.

År 1902 vart dette skulehuset flytta til Reilstad br.nr 88 Underbakka. Tomta på 1450 kvadratmeter vart kjøpt i 1901 for kroner 200. Huset står framleis der Badevikvegen tek til. Huset er innvakse med tre og vert litt nytta som sumarbustad.

I 1954 vart det bygd nytt skulehus. Dette vart seinare seld til Nordhus som dreiv strikkevarefabrikk her. Dette førte til at kommunen ikkje hadde skulehus i krinsen. Dei leigde då rom og leikeplass av Betania (Reilstad bedehus) i 3-4 år. Deretter sette kommunen opp ferdigbrakker som vart nytta til skule, seinare til barnehage og deretter flytta til Judaberg. På denne tomta er det nå ballbinge.

Skulehuset der eg var elev, er det huset som vart flytta til Reilstad i 1902. Dette hadde gang i midten og skulestove i kvar ende. I kjellaren var det jordgolv med nokre steinheller. Nedanfor skulehuset var det utedo. Eit for gutar, eit for jenter og i midten eit for lærarpersonalet.

Leikeplassen hadde ingen grusbane, berre ein til dels "sorpute" og bakkut/skrådd grasbane. I den søre delen vaks det til dels bjønebærris.

Under leik var det ikkje uvanleg at treskoa stod att i sorpa og vedkomande sprang vidare på sokkeleisten. Den søre delen vart seinare selt som hustomt til Jonas Hodnefjell.

Den første læraren eg kjenner til var Syvert Olaus Ladstein. Han var lærar frå 1870 til 1916. Far min var ein av elevane hans. Eg har høyrt at han hadde ein elev som hadde vanskar med reknefaget. Ein dag Ladstein prøvde å hjelpa han, spurde han fylgjande spørsmål: "Dersom du er ute i båten og fiskar og har fått ein torsk, så får du ein til. Kor mange har du då?"

Han fekk ikkje svar. "Dersom du er i båten og eg kjem uti til deg. Kor mange er me då i båten?» To torskar», var svaret.

Reilstad skule i dag. Foto: Rune Nedrebø

Hatt eller hua viste humøret

Den neste læraren i Reilstadkrinsen var Jens Laugaland. Han var lærar frå 1916 til 1934. Han budde truleg i enden av skulehuset til han i 1924 bygde eige hus på Berge. Det er fortalt at geografiundervisninga hans var noko avgrensa. Desse timane vart (mest alltid?) avslutta med at " til neste gong får de lesa om Asia". Når det gjelt undervisninga om Noreg, var denne truleg avgrensa til å læra songen " Mellom bakkar og berg ut mot havet heve nordmannen fenge sin heim."

I mi skuletid hadde eg frøken Hamre frå Hammerfest som lærar. Ho var også lærar på Fogn. Ho vart skyssa over fjorden i motorbåt av Severin Sangedal frå Fogn. Elles hadde eg desse lærarane: Halvard Tveitane frå Suldal, Barkved frå Strand og Sveinung Odland frå Suldal.

Tveitane hadde ei uvanleg fin handskrift. Han skreiv alltid namna våre på arbeidsbøkene våre. Om morgonen, då me hadde Tveitane til lærar, stod me ute og såg etter kva han hadde på hovudet då han kom oppi vegen. Hadde han hatt eller hue var dette avgjerande kva humør/lune han var i denne dagen.

Då han kom inn i skulestova måtte me stå oppstilt ved sida av pulten til han sa " sit ned". Når friminutta var slutt bles læraren i ei fløyte og før me gjekk inn, måtte me stilla opp utafor i same rekkefylgje som me sat på pultane.

Han bruka i smug snus eller skråtobakk. I skjul bak kateteret la han snusen/tobakken inn i lommetørkle. Deretter førte han dette opp til munnen, knekte/pussa tennene og førte då "togga" inn i munnen.

Fager kveldsol smiler

Dette er alt som er igjen av doen på skulen. Foto: Rune Nedrebø

På skulen var det tilsett ein person til reinhald og til å fyra i ovnen. Til brenne vart det brukt koks eller kol. Den ideelle temperaturen i skulestova skulle helst vera ca. 18 grader. Kvar dag var det ein elev som var ordensmann. Han skulle syta for lufting i friminutta, vaska av tavla o.a.

Skulefaga var kristendom, rekning (ingen matematikk), noregsoge, norsk (ikkje framandspråk) skriving, geografi, naturfag, lesing der me også måtte læra å lesa gotisk skrift, song, teikning og litt kroppsøving og sløyd/sying for jentene. Leseboka me bruka var Nordal Rolfsens lesebok og ABC- Læsebog i modermaalet for folkeskolen.

Skulen hadde skuleboksamling der me kunne låna heim bøker. For vaksne var det folkeboksamling på heradstova/sentralen. Skulen hadde store fine fargeplansjer av fuglar, dyr og bibelske motiv. Desse vart delvis hengde opp på veggene.

Første skuletime starta alltid med song. Like eins vart siste timen avslutta med song. Om morgonen t.d. "Syng i stille morgonstunder", til slutt gjerne" Fager kveldsol smiler". Elles var det vanleg å starta skuletimane med ein passande song til timen. Songane me song på skulen set i minnet framleis. I songtimane spelte til dels Tveitane fiolin, Odland orgel.

Ved uhøvisk framferd vart eleven straffa med at vedkomande vart "send på gangen". Friminutta vart for det meste bruka til ymse leikar, slik som å slå ball og jepping. Jeppen laga me av tre med innskorne romertal for poeng. Talet som vart liggjande opp, viste poenga me fekk. Dersom nokon tok "hys" og fanga den i lufta, vart laga ombytte.

Dombjøller og kane

Det mangla ikkje på fine illustrasjonar i leseboka. Foto: Rune Nedrebø

Seinare år spelte me også fotball. Jentene dreiv for det meste med veggball, hinkespel og kjeppen av o.a. Før 17.mai øvde me på å springa 60 meteren og andre leikar.

Om hausten vart noko av dagen bruka til bading i Badevik der me lærte å symja. Me var også ute og planta skog hjå ulike bønder. Når det var frost eller snø vart nokre dagar bruka til skeising på Beidestemmen, Bergestemmen eller Bleivatnet.

Skeisene var for det meste kryllskeiser/kanaskeiser og stokkaskeiser. Dei seinare åra fekk nokre få av elevane lengdeløpskeiser. Når me hadde skidag vart det stort sett bruka heimelaga ski. Desse kunne også vera t. d. tønnestavar med påspikra gamle kalosjer til bindingar. Krubbene/kjelkane me rann på hadde alle namn , slik som Skjerebrettet, Grisen, Ormen lange o.s.v.

Når det var snø bruka Kåre Nærland ofte hest med dombjøller og kane. Me fekk då slepa krubbene opp bakken frå kaien til Reilstadsvingen. Var det regnver, var me for det meste i kjellaren på skulen. Her saga me og kløyde ved.

Skulesakene bar me i ei taske/skulesekk av tøy. I tillegg til bøker og penalihus av tre var det nistepakke og mjølk oppi , til vanleg på ei brusflaske med patentkork. Eg budde så nær skulen at eg sprang heim og åt middag.

Det var skule annankvar dag, også laurdag. Skuledagen starta klokka 9 og slutta klokka 14.30. Me gjekk 3 år for lærarinna og 4 år for læraren. På fridagane måtte me gjera heimeleksene og elles hjelpa til med diverse praktisk arbeid.

Læraren førte protokoll over frammøte og eventuelt fråver o. l. I karakterboka stod opplysningar/karakter om flid og orden og eventuelt fråver. Karakterboka måtte underskrivast av foreldre/føresette.

Kven har spytta på golvet?

Me borna hadde stor respekt for læraren og disiplinen var god. Seinare vart dette noko annleis, meir kameratskap og læraren deltok i leik o.l. Læremessig vart dette neppe positivt.

Framhaldskulen, som ambulerte mellom Reilstad, Lauvsnes og Steinnesvåg, brukte litlesalen i bedehuset Betania til skulestove kvart 3. år fram til ca. 1954. Sundagsskulen fekk også bruka skulestova.

Lærarane var Gissur Halleland og Nils N. Ladstein.

Til slutt ei historie frå småskulen. Ein morgon oppdaga lærarinna at nokon hadde spytta på golvet oppe ved kateteret. Ho spurde kven som hadde gjort det, men ingen ville vedkjenna seg dette. Ho spurde så kvar enkelt elev. men samtlege nekta. Ein av gutane rette då opp handa og sa:" Når ingen av oss har gjort det må det vera du sjølv."

Reilstad, november 2022

Einar Reilstad

Skulebøker frå den gong Einar Reilstad gjekk på skulen på Reilstad. Dei har han tatt vare på. Foto: Rune Nedrebø