FINNØY: Pub-verten sjølv, Stephan Dickinson, var strålande fornøyd med åpninga fredag. Puben åpna dørene for publikum i halv ni-tida om kvelden, og på det meste blir det anslått at det var 80 gjester innom.

I den vesle gatestubben lydde det fengande rytmer frå tomanns-orkesteret frå Rennesøy, som spelte opp inne i lokalet.

-Det var bare kjekke folk innom, alt gjekk heilt fantastisk. Laurdag måtte eg bestilla ny forsyning av drikkevarer, seier Stephan Dickinson til Øyposten.

-Det ser bra ut, men eg kjem nok ikkje til å bruka pub’en noko særleg. Eg likar meg best heime, seier Torger Spanne (t.h.). Rundt bordet sit frå venstre Kristian Høyvik, Richard Høyvik, Marion Spanne og Anita Landa. Foto: Rune Nedrebø

Spanderte kaffi og kake

Laurdag formiddag spanderte han kake og kaffi på alle som hadde lyst til å ta turen innom for å sjå nærare på Finnøys nyaste utelivstilbud.

Blant dei som var innom var også Torgeir og Marion Spanne. Torgeir Spanne er imponert over det han fekk sjå i lokalet kor Martha Aas i mange år hadde butikken sin.

-Eg hugsar godt korleis lokalet såg ut då ho «herja» bak disken her, og hadde eit lite kontor innerst i lokalet, seier Spanne, som synes bardisken midt i rommet, er ganske lik disken i butikken, i alle fall når det gjeld fargevalg.

-Det er blitt ganske stilig. Men eg trur ikkje eg blir den store brukaren, for eg likar meg best heime, seier 90-åringen frå Finnøy.

Dette er noko Finnøy treng

-Nå må øya få taxi, når dei har fått pub, meiner Hanne Eide og Gunnar Garstad, som har hytte i Steinnesvåg.Foto: Rune Nedrebø Foto: Rune Nedrebø

Av andre som var innom var Gunvor Flesjå, som hadde tatt turen for å gratulera Dickinson med restauranten.

-Det er flott at at nokon vågar å satsa på eit tilbud som dette, seier Flesjå, som synes kontrasten er enorm i forhold til då ho kom til Finnøy på 70-talet.

-Den gong ryktast det rundt heile øya viss nokon hadde kjøpt ein kasse øl. Og nå har me fått pub i næraste nabolaget til bedehuset Bethel. Det er ikkje til å tru. Me treng mangfold på Finnøy og, slår ho fast, og trur pub’en kan bli reine medisinen for mange.

-Eg trur dette kan bli eit populært tilbud. Det er mange mannfolk som sit alt for mykje åleine. Her kan dei møtast og så ein fotballkamp og ha det sosialt ilag. Det er noko Finnøy treng, meinr Gunvor Flesjå.

La mangfoldet blomstra

God stemning hos vertskapet etter åpningskvelden. Frå venstre Samira Dickinson, Stephan Dickinson og Trond Olav Birkeland. Foto: Rune Nedrebø

Ove Foldøy er også begeistra for det nye tilbudet.

-Kva skal me nå gjera i byen, spør han med glimt i auga, og legg til at han har informert søkna sine som ikkje bur på Finnøy, om alt som nå skjer på Judaberg.

-Er det sant, spør dei, då eg opplyser dei om kor mange plasser det nå går an å få seg ein matbit, seier Foldøy, som legg til at han synes «bråket» om skjenkeløyvet på Innbyggartorget, like i naboalget, er «kjempetåpelig».

-La mangfoldet blomstra heller, meiner han, og trur han kjem til å droppa innom pub’en av og til. Men han ser like vel eit lite problem.

-Det er ikkje drosje på øya, det skulle det vore, seier Ove Foldøy, med tanke på pub’gjester som skal heim etter å ha teke seg eit glas eller to.

Det er også Hanne Eide og Gunnar Garstad enige i. Dei er begge begeistra for det nye tilbudet, og vil gjerne bruka det.

-Nå må Finnøy få drosje, for det er litt langt å gå til Steinnesvåg, kor me har hytte, seier dei.

-Finnøy treng ein møteplass som dette. Det har dei alt både på Halsøy og i Helgøysund. Det er ikkje alle som er nøgd med å gå på bedehuset, meiner Jarle Helgeland. Foto: Rune Nedrebø