Cindy Falkeid har gjort lynkarriere med den nye matvogna på kaia på Judaberg.

FINNØY:

Me har tidelgare skrive om Cindy og hennar små matgleder som ho tryllar fram i vogna si på Judaberg. Det byrja med ei altoppslukande interesse for matlaging, stort mot og eit brennande ønskje om å servera mat laga på eigne oppskrifter.,

Det blei til ein god idè; matvogn, eller foodtruck på Judaberg.

Lytta til magefølelsen

Enkelte kritiske røyster meinte det ikkje ville vera liv laga for eit slikt tilbod på Judaberg, men familie og vener støtta ho fullt ut, ja til og pusha på. Cindy trassa åtvaringane og bestemte seg for å lytta til magefølelsen.

- Eg måtte berre få prøva meg, kosta kva det kosta ville. Dette var livsdraumen min som endeleg kunne bli ein realitet.

Og det blei det. Cindy fann fram favorittane og sette saman ein passande meny. Ho finpussa på oppskriftene, prøvde og skrota, og prøvde på ny, igjen og igjen. Til slutt vart ho nøgd. Dette måtte sitta frå fyrste hamburgar.

Råvarene ho brukar er lokalproduserte så langt det let seg gjera.

- Eg var livredd for at maten ikkje skulle vera god nok, at folk ikkje ville kjøpa, og alt skulle bli ein gedigen fiasko. Eg hadde trass i alt investert 100 000 kroner i vogna, pluss alt utstyr. Heldigvis gjekk det langt betre enn eg hadde venta, frå fyrste stund.

Og det var ikkje på grunn av, men på tross av. For Cindy hadde ikkje sjekka marknaden i forkant av oppstarten, ho visste ikkje om dette var noko folk i Finnøy vil omfamna. Og langt mindre hadde ho ein forretningsplan, risikovurdering eller framdriftsplan.

https://www.oyposten.no/2021/10/02/matboda-til-cindy-blei-raskt-populaer-pa-finnoy/

Stort potensiale

- Nei, eg gjorde lite eller ingen undersøkingar i forkant, eg handla som sagt ut frå dei god kjenslene eg hadde for prosjektet. Eg har vore veldig heldig.

- Fortel?

- For det fyrste ser eg no at det går an å satsa på denne drifta som eit levebrød. Eg har ope seks dagar i veka, og mest kvar dag blir eg utselt før stengetid. Det betyr at eg må laga meir mat, og då treng eg ein person som kan hjelpa til med det. I tillegg planlegg eg å kjøpa ei ny og større vogn som skal stå permanent på Judaberg. Då får eg betre plass og kan utvida menyen fleire rettar. Vogna som eg held til i no, kan eg ta på hengaren og reisa rundt i området med på ulike arrangement, til dømes festivalar, marknadar og liknande.

Cindy har allereie fått fleire mange førespurnadar om å komma på forskjellige tilstellingar, og det utan å bruke ei krone på marknadsføring.

- Det er jungeltelegrafen som gjer jobben. Eg er takksam overfor alle som kjøper mat hjå meg, seier fortel Cindy Falkeid og vender merksemda mot ein ny kunde.

Men jungeltelegrafen verkar ikkje positivt, viss ikkje kundane likar maten.