Vekas petit: Haien

Publisert: Publisert:

Det går mot enden på eit 12 vekers eventyr i dei sørlegaste øyrika i Karibia. Erling og Åse frå Landa og Eirik og Wenche frå Bryne er med oss på «La Familia». Me har snorkla med fiskar, skilpadder og akkar over knudrete, soppforma, fingerpeikande korallar. Myriader av allslag liten og halvstor fisk har underhelde oss med sine stimøvingar og smetting mellom fargerike vokstrar. På botn har me sett sjøpølser og murener. Fiskane sjølve har hatt utrulege former og sterke farger. Små piggfiskar bles seg opp til ballar. Innimellom har me sett barracuda, med sine lange nebbliknande kjeftar og piggete, skræmande tannsett. Frå båten har me fiska tunfisk, stinn og blank. På avstand har knølkvalen blese sin fontene og sett ærefrykt i oss. Men noko manglar: Haien! Eg har ikkje sett hai. Det burde vera råd. Sjukepleiarhaiar (Nurse sharks) finst her.

Erling kjem om bord etter ein snorkletur. «Eg såg hai!».  «Kor då?» Han peikar. Eg riv til meg finnane, maska og snorkelen. Så i vatnet i ein fart, bortetter der haien kunne finnast.  Der finn eg han; elegant og rytmisk. Langsamt søm han bortetter mellom korallane.  Brun-grå, straumlineforma, omlag 2,5meter lang (eg målte ikkje!) vrir han seg frametter. Brystuggane er avrunda, ganske store, som venger på eit fly. Den bakoverstrekte sporden sveivar elegant. Nasen er tverr. Eg legg meg nokre meter bak og fylgjer han med same glidande fart.  Augekontakt får eg ikkje. Ikkje har eg mot til å møta han der framme heller. Haiane er ikkje alltid pålitande. Kjenner dei seg truga kan dei verta eltne. Det er med respekt og ærefrykt eg fylgjer han gjennom den blanke og lyse sjøen.  Haien glir ned i djupare vatn, me har fylgt einannan ei god tid. Eg vender attende til båten.  Endå ei ny erfaring og glede, å symja med hai!