Simen skal skrive bok om Arnold B Family – og lagar sommarquiz i Østhusvik
Torsdag 27. juli blir det quiz og musikk på Fjordbris hotell.
Simen Ingemundsen stiller som quizmaster og John R. Almås som trubadur når Fjordbris hotell i Østhusvik inviterer til arrangement torsdag 27. juli.
Ingemundsen er til dagleg journalist i nettavisa Randaberg24, som er eit dotterselskap til Øyposten AS. Han seier dette om quizen:
– Det blir ei pakke med minikonsert, musikkquiz og ein vanleg allmennquiz:
– Me kallar programmet «Quiz og musikk med to karer så aldri går aleina», seier Ingemundsen.
Bok om kristenpop
Han har solid erfaring som quizmaster frå puben på Randaberg. I tillegg til quiz og journalistikk har han til nå gitt ut fire krimbøker saman med ein kamerat. Når han går ut i sommarferie i starten av august skal han starte på si første sakprosabok, fortel han:
– Eg skal skrive ei bok om Arnold B Family med arbeidstittel «Du løfter meg opp».
Gjennom såkalla fundraising på nettsida bidra.no har han så langt samla inn 75.000 kroner til prosjektet, som er meir enn nok til å bli utgitt på Falck Forlag AS.
Musikalsk fenomen
Arnold B Family er ei norsk kristen song- og musikkgruppe med medlemer frå familien Arnold Børud. Dei har nådd vidt ut med heimelaga gospelmusikk og gladpop.
– Mor mi vogga meg til Børud-musikk, så eg er vaksen opp med dette, seier Ingemundsen.
Randabergbuen betegnar seg sjølv som kristen, utan at han har profilert seg så veldig som det:
– Eg kan vel sei så mykje som at boka om Arnold B Family ikkje blir den siste eg kjem til å skrive om kristen musikk.
Under quizen på Fjordbris hotell lovar han eit breitt spekter av emne.
– Eg har lært så pass at folk vil ha spørsmål om meir enn eitt tema, så det blir mykje forskjellig, seier Ingemundsen.