FINNØY: Anders Foldøy Oliversen brenn for gamle trebåtar, og er den einaste i området som fortsatt brukar gavlabåt til å fiska med.

Foldøy Oliversen bur på Foldøy, og er på Finnøy med gavlabåtane «Flyndrå» frå 1948 og «Lilla Flyndrå» frå 1958 pluss ein Askeladden av nyare modell.

Mellom anna har han skifta to spant i «Flyndrå», og festa bordgangen med trenaglar laga av einer som han sjølv har skore på Foldøy.

-Det er det einaste som held i lengda, meiner han.

Han er yrkesfiskar, og fangsten han jaktar på er utelukkande kvit fisk. Dvs. fisk som lyr, torsk, sei, brosme, hyse og makrell.

Byssa er god og ha, kleppen også, for ein yrkesfiskar. Foto: Rune Nedrebø

Undervaksen gran

«Flyndrå» er 26 fot, og er hovedbåten som han brukar under fisket, mens «Lilla Flyndrå» på 19 fot og Askeladden er hjelpebåtar. Fiskereidskapane er både line, garn, not og havteiner.

-Fisket var betre før, og eg er nok ikkje øvst på lønsstigen. Men eg klarer meg, seier han.

Fiskereidskapane han brukar er heller ikkje tilfeldige. Til sitjenota, som han brukar til å fiska makrell med, har han fått laga sju meter lange stenger av undervaksen gran av trebåtbyggeriet.

-Det er gran som har fått lite lys, og som er veldige sterke, forklarer han.

Det vanlege er stenger av aluminium, men Foldøy Oliversen ville ha det på gamlemåten. Stengene brukar han til å spenna opp posen som han oppbevarer makrellen i.

«Lilla Flyndrå» er også ein vakker trebåt, og ti år yngre og sju fot kortare enn «Flyndrå». Foto: Rune Nedrebø

Fri fugl

-Dei er like anvenlege som stenger av aluminium, meiner han.

«Flyndrå» er innreia med både seng, portapotti og bysse. Vekkeklokke og radio er også ein del av inventaret.

Der kan Anders bu under fisket. Før han blei yrkesfiskar jobba han på Stjernelaks på Helgøy i Sjernarøyane.

-Tenk så fritt det ville vore å blitt fiskar, akkurat som onkelen min, Guttorm, drøymde han. Og nå er draumen blitt verkelighet.

Ryfylke Trebåtbyggeri og Jørn Flesjå har jamnleg besøk av fiskaren frå Foldøy, som set stor pris på trebåtbyggjaren på Finnøy. Difor siterer han fritt etter Nordlands Trompet av Petter Dass.

-Skulle Ryfylke Trebåtbyggeri feile, hva hadde vi da, seier Anders Foldøy Oliversen.