Anny Hatlen er blant dei stadig færre som fortsatt skriv julekort.

RENNESØY:

Knapt nokon skriv brev lenger, og slik er det med julekort også. Dei handskrivne julekorta er så sjeldne at dei representerer ei gledeleg overrasking i postkassa.,

– Det har blitt eksklusivt å skriva julekort. Det er både tidkrevjande og relativt dyrt, i alle fall samanlikna med å senda ei julehelsing elektronisk. Men et det er ikkje så farleg. Å skriva julekort har eg gjort i 60 år og det tenker eg å fortsetta med så lenge eg er i stand til det, det er ein koseleg tradisjon og mange gode minner.

– Å skriva med hand kjennes annleis, varmare og meir personleg enn å senda avgårde ein melding på telefonen. Det er nå helst den eldre garden som får julekort i posten, og eg veit dei set pris på det. Eg kjenner på det same kjenner eg på sjølv. Det er alltid litt ekstra spennande å henta posten i jula.

Opp- og nedturar

– Kva skriv du, og er det lange helsingar

?,

–  Begge delar, men aldri berre "God jul og godt nyttår". Nokon får eit enkelt kort med mindre tekst, det er dei eg har jamn kontakt med gjennom året. Dei som eg har mindre kontakt med får gjerne eit dobbelt kort med plass til meir tekst. Då fortel eg korleis livet har utarta seg gjennom året, opp – og nedturar, og alt det vanlege.

Anny skriv rundt 20 julekort kvart år, og får i retur omtrent like mange, men til slektningane i Amerika blir det elektronisk julehelsinga på mail.

– Det er enklast slik. Det er andre også som får ei helsing på mail elle Facebook, eg er ikkje heilt konsekvent.

Samler på julekort

Anny saknar julekort med bibelske motiv, slik det var mange av før i tida.

– Det tykkjer eg er synd. Eg føler ikkje det blir rett å senda julekort med nissar til ei dame på 94 år. Det er berre dei kristne bokbutikkane som sel slike kort no, det tykkjer eg er synd.

– Samlar du på alle julekorta du får?

– Ja, eg gjer det. Etter kvar jul blir dei lagt i esker som eg sorterer på år. Så hender det at eg tek dei fram etter ei stund og mimrar litt, gjerne i forbindelse med rydding. Dei nye korta me sender via SMS og epost etterlater seg ikkje spor, dei blir sletta og er berre der og då, slik er det ikkje med eit gammaldags handskrive julekort, avsluttar Anny Hatlen.