Glede over at det er nytt liv i Otto-huset igjen

Brødrene Oskar og Edvard Borneo Nordbø fekk æra av å ha den første konserten i Otto-huset. Huset har vore meir eller mindre stengt i to og eithalvt år på grunn av korona’en.

Oskar (t.v.) og Edvard Borneo Nordbø fekk æra av å halda første konserten i Otto-huset, etter to og eit halvt år med korona-stengt.
Publisert: Publisert:
Eit 20-tals personar hadde møtt fram til konserten.

FINNØY: Det blei ei flott oppleving.

Det er noko spesielt med søsken som syng saman. Det gir ein ekstra klang. Slik også med brødrene Nordbø, med artistnavnet «Folk Brothers». Dei omtalar seg sjølv som fjerne slektningar av Blues Brothers, men harmoniane minna mest om eit anna brødrepar, Everly Brothers.

Brødrene Nordbø er sønnene til artisten Torolf Nordbø.

«Backstage». Edvard Borneo og Oskar Nordbø tek ein siste sjekk av set-lista.

Håpar på ny giv

Uansett var det ein flott åpning av det som styreleiar Torstein Pedersen håpar skal bli ein ny giv for det vesle, intime konsertlokalet på Judaberg på Finnøy.

-Me vil gjerne få Otto-huset opp til gamle høgder igjen. Kanskje kan me få til ei utstilling med Pia Myrvold sine bilete her. Det ville også vore kjempeflott om me hadde greidd å få til ein konsert med Morten Abel, det ville gjort seg, drøymer han.

Akkurat i øyeblikket er huset omringa av vegar i forbindelse med sjukehus-utbygginga. Ein tjukk elkabel som ligg i bakken få meter frå huset, rett under utescena, skal også fjernast i den forbindelse, er det blitt lova.

Ei smilande Olaug Høgetveit og ein glad Torstein Pedersen er nøgde med at det igjen er aktivitet i Otto-huset.

-Folk må slutta opp om Otto-huset

Eit 20-tals personar hadde møtt fram til konserten, og blant dei frammøtte var Olaug Høgetveit.

Ho reknar seg sjølv som «fast inventar» på arrangementa i Otto-huset, og skulle ynskt at finnøybuen var endå flinkare til å støtte opp om den vesle kulturscena.

-Av og til føler eg det som om me er ei sekt her, seier ho, og trekkjer fram konserten med den kjente musikaren Ine Hoem.

-Då¨var me bare fem-seks stykk som kom, seier ho.

Dirrande harmoniar

På torsdagens konsert baud Nordbø-brødrene både på sjølvskrivne songar, omsette songar og cover-versjonar. I tillegg til flotte harmoniar og kjenslevare tekstar som treff hjerterota, er dei også habile gitaristar. I den varme, lyse sommarkvelden var det ikkje vanskeleg å falla i det melakonske hjørnet, når dei drog til med songar om einsame stunder og skiftande kjærleik.

Men dei baud på lun humor og songar med fart i, også. Skulle me ynskt noko måtte det vera at fleire av songane var på norsk. Etter konserten på Otto-huset sette dei fredag kursen mot byen og Checkpoint Charlie i Stavanger, men understrekar at dei er ledige for oppdrag.

-Korleis kjennes det å vera første artist som har konsert i Otto-huset, igjen?

-Det føles som om me har jaga ut korona’en med gitarane våre, flirer Edvard Borneo Nordbø, som for øvrig var ute med ny plate fredag.