Ungdomsklubben «Stream» møtes på Bru og Sokn bedehus anna kvar fredag. Foran frå venstre: Tom Egill, Anna Tobie, Emma, Eirik, Malene og Lars Tore i Stream. Bak fra venstre: Filip, Ørjan, Ronja, Isaac, Ida og Jakob.

RENNESØY:

På grunn av koronarestriksjoner måtte planene for dagen settes på vent, men no som ting endelig byrja å gå tilbake til normalen var ungdommane ikkje seine å be.

Alt gratis

Då er alle som kan krypa og gå invitert til det dei har kalt for «Streamdagen» på Facebook. Ein to-timers aktivitetsdag på Vikevåg skule, kor det blant anna blir konkurransar, leiker, ansiktsmaling, sponsorløp, og gratis kaffe og kake.

− Me ønsker at alle som vil skal kunne delta og ha det kjekt, difor er dette eit heilt gratis arrangement, seier leiar for klubben, Tom Egill Tobiassen.

Men korleis samlar ein inn penger til eit godt føremål når alt er gratis?

− Det er enkelt: Alle som besøker oss får ein flyer kor det står korleis dei kan støtta aksjonen, og me håper at dei som har nokre kroner å avse vil vera med på det. Me har ikkje et konkret innsamlingsmål for dagen, målet er å laga ein kjekk dag for store og små.

Sponsorløp

Det blir også to misjonsløp, eit på 1,1 kilometer kor løparane skaffer seg sponsorer i forkanten, Samt eit barneløp på 350 meter. Alle løper er med i trekninga av ein fin premie.

− Ungdommane har eit stort hjarte for barna. I løpet av 2020 klarte dei å samla inn over 60.000 kroner, til trass for pandemien.

Dei planla eigentleg gratis bilvask ved brannstasjonen, men Stavanger kommune meiner det ikkje er godt nok avløp i området.

− Det er trist, men me håper dei vil ombestemma seg, seier leiaren.

Arrangørane håper elles at næringslivet vil vera sponsorar, og at dei som vil bidra med dugnadshjelp tar kontakt.