Av Maren Bø

Det skjedde i bomberommet på skulen. Utan vindauge, bak ei tung, grå dør vart det snakka om riff, og den store draumen, nemleg at Catrix skulle spele opp til dans på Østhusvik.

Kjelda er keyboardisten sjølv, Helge Hummervoll frå Sørbø.

Og heldige var dei som fekk oppleve dansen i 1976, for sidan gjekk det ein veg. Helge og bandkompisane, Trond Olsen og Harald Brimsø, pakka instrumenta og tok ferja til byen. Resten av historia kjenner me.

Billetten frå Framheim ungdomshus. Det var dans og Catrix spelte opp. Foto: Privat

No bur Helge i Oslo, og i fjor gav han ut plata «Ein av de heldige få». På denne finst eit spesielt spor: «øynå». Rennesøy har fått sin eigen hyllest, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at du ein gong får oppleve songen live på heimebane.

Helge Hummervoll gav nyleg ut plata «Ein av de heldige få». Foto: Privat

For Rennesøy og Meieriet er staden han vender tilbake til. Her har han spelt med Leif og kompisane, sett revyar, konsertar og feira eigen 50-årsdag, og då Mods skulle ha comeback selde han inn ideen om preprod på sjølvaste Meieriet. Takka vere ein essensiell dugnad med heving av scenetak og oppgradering av lyd og lys, vart utføringa mogleg.

På bygda gjekk rykte: «Har du høyrt det? Mods kome te Meieriet!». Saman med bandet var Helge tilbake der det starta for 48 år sidan.

–For ein velkomst og for ein stemning! Konserten vart ei gripande og emosjonell oppleving for meg, seier Helge.

Og det var ikkje berre i Helge det rørte seg i den kvelden. Slike konsertopplevingar gjer noko med ein, det gjer noko med ei heil bygd.

Her speler Mods gjenforeningskonsert på stadion i 2017. På skjermane i bakgrunnen ser du originale bilete frå oppstarten til Catrix på Rennesøy. Foto: Privat