Her i Bethel på Judaberg vil julekonserten finne stad. Foto: Silje Talgø Klakegg

Det er kyrkjelyden Today for God som inviterer til julekonserten «Christmas Carol».

– Konserten er open for alle, fortel Danni Ciuciu til Øyposten, og presiserer at dette ikkje er ein konsert som berre passar for medlemmar av kyrkjelyden som er stor blant rumenere på Finnøy.

– Songane framførast på engelsk, så dette er ei fin oppleving for alle, uansett nasjonalitet.

Dei lovar julestemning og magi, og håpar at mange vil møte opp for å gå inn i julehøgtida saman med dei.