Arnes blues: «Av å te e det berre gale»
Arne Nordbø har laga ein universalblues.
– Av å te er det berre gale, utan at me kan setje heilt fingen på kva som er gale. Men når det er gale, så er alt gale, og generelt så er det oss det er synd på, men spesielt meg, skriv Arne Nordbø til Øyposten:
– Til hjelp for oss som har det slik av og til, så har eg skrive bluesen om alt. Den skal passe til det meste. Viss ein vil syngje eller spele til, så kan kanskje melodien «Call me the breeze» med JJ Cale brukast.
Finnøybuen er kjent for å sjå humoristisk på mange ting, men den som tar humor berre for humor, og alvor berre alvorleg, hen har som kjent skjøna begge deler dårleg.
Universalblues
Tekst: Arne Nordbø
Nei nå går det for vidt nå må di snart ta te ved
For nå går det for vidt å me kan berre leggja ned
Det e jo heilt for gale berre sjå koss gale det har blitt
Di bryr seg ikkje om andre di karra berre te seg sjøl
Di så styre e galne, di karra berre te seg sjølv
Mens me så kava å slide, har så vidt te mad å mjøl
Det va jo gale før men det e møje verre nå
Di vil kje sjå og høyra så dette kan jo aldri gå
Du sko kje tru at di tenkte, på aent elle seg å sitt
Di vil ta alt me har Det er ein kamp, ein stri
Det e oss di ska ta Mens dei andre sleppe fri
Ja dei får det dei så klaga mens me så tie har det stridt
Der finns jo ikkje normer alt e blidde liga rett
Dei så lyge å stele berre sjå dei sleppe alt for lett
Mens me så gjere rett og skjel me får berre spott og skitt
Uff og oi, akk å ve – koss ska me få dette te
Nei å nei – sukk og stønn – her e det ingen bønn
For oss så gjere rett å skjel – e utakk verdens lønn