«Han vil skapa liv der natt og mørke bur»

Publisert: Publisert:


Advent er tida for å tenna lys og gleda seg over små ting, og for å undra seg
over store spørsmål.
Kvifor feirar me Jesu fødsel? Kvifor blei Gud menneske? Det heng tett saman
med Gud sin plan om frelse. Hjå salmediktaren er det sagt så enkelt:

«Fra krybben til korset gikk veien for deg,
slik åpnet du porten til himlen for meg.»
(Salmeboka nr. 56)

Mysteriet i jula handlar om han som delte våre kår, heilt inn i døden. Me går
aldri åleine gjennom ei vanskeleg, forvirrande og urettvis verd. Heller ikkje i
førjulstida i 2022.

Me har kyrkjer fordi Jesus lever og kjem til oss i dag. Mange kan sakna eit språk
for trua. Kyrkjerommet tar imot den trua som ikkje blir uttalt, uansett om ho er
stor eller lita. Kyrkjerommet er trygt å vera i.

Samtidig har jula ein urovekkjande bodskap. Bodskapen held saman kontraster,
for midt i gleda ligg utfordringa. Jesus kjem til oss i dag. Han kjem som
flyktning, som uteliggjar, som einsame gamle, som ungar med dårleg råd i eit
rikt samfunn, som ungdom med klimaangst. Jesus identifiserer seg med sine
minste i dag.

Den lidande og medlidande Kristus er til stades i juleevangeliet. Me høyrer om
dei som ikkje fann husrom nokon stad, men måtte gjennomgå ein fødsel mellom
dyr i ein stall. Josef og hans Maria måtte skrivast i manntalet for å betala skatt til
ein keisar som levde i ubeskriveleg luksus.

I dei fyrste århundra av kyrkjehistoria var biletet av Jesus som regel ikkje den
lidande. Han var «Christus Victor», han trona på korset som sigerherre over død
og synd og djevel. Ytre sett er fødselen fattigsleg, men det stråler eit lys og eit
håp frå Jesusbarnet og ut til jordas ender.

Kristus lever, han har seiret; evig lever vi med ham.

Han er her og han vil skape liv der natt og mørke bor.
Kristus lever, vi skal bære Herrens seierstegn på jord.
(Salmeboka nr. 214)

Eg ønsker deg ei velsigna juletid!

Biskop Anne Lise Ådnøy