Musikalsk påskemeditasjon i Utstein Kloster

Hymns of compassion er ein konsert som får deg til å senka skuldrene og kjenna igjen gamle melodiar kombinert med ny musikk.

Utstein Kloster
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

RRENNESØY: Øyvind Kristiansen og Jonas Kilmork Vemøy har kunstnarisk utgangspunkt og tilhald i Kulturkirken Jakob i Oslo og Jakobmessene som vert feira der.

Konsertane dei spelar i 2023 er basert på albuma deira «Hymns of Compassion» og «Hymns of Longing», frå 2021 og 2022, og har fokus på pasjonstida sin kamp og liding.

Øyvind Kristiansen og Jonas Kilmork Vemøy skal ha musikalsk påskemeditasjon i Utstein Kloster.

I år spelar duoen konsertar i Tyskland, Danmark og Norge, både kyrkjekonsertar og i konserthus, på festspel og festivalar. 3. april kjem dei to til Utstein Kloster.

– Den musikalske estetikken til Kristiansen og Vemøy er ei blanding av sakral musikk med vekt på gamle salmar og hymner, og ambient elektronika – med piano og trompet som base, og der lyden av fortid og notid møtast i eit dynamisk lydlandskap med meditativ grunnstemning, skriv Kirkelig Kulturverksted.

Samarbeidet mellom Kristiansen og Vemøy har vekse fram gjennom arbeidet med «Jakobmessene» i Kulturkirken Jakob. Her lagar dei meditasjonsmusikk rundt kyrkja sin tekstsyklus, med farge og inspirasjon frå ei rekke sjangrar som spenner frå tradisjonell kyrkjemusikk til jazz- og improvisasjonsmusikk.

Konserten er eit samarbeid mellom Rennesøy og Mosterøy menigheter og Rennesøy Kulturhus.