Blei biten av Kawasaki-basillen
Kjem du inn i garasjen til Olav Hadland på Haga på Finnøy tenkjer du straks: Wow, for ei samling av Kawasaki-syklar.
FINNØY: Den første motorsykkelen fekk Olav Hadland då han var 18. Det var ein Honda CBX 750.
-Men, det var feil merke, slår han fast.
Nå har han ikkje mindre enn åtte Kawasaki´ar i garasjen sin.
Det er ei lun bule, god og varm med glinsande fartsvidunder overalt.
-Eg var utan motorsykkel i eit år, men det var ikkje kjekt, seier Olav Hadland til Øyposten.
På ei løftevogn står ein Kawasaki 750 som han nettopp har kjøpt. Den har han ambisjonar om å pussa opp, og til det prosjektet har han kjøpt masse originaldelar frå Nederland.
-Det må gjerast skikkeleg, seier Hadland.
-Eg skiftar olje og oljefilter på syklane kvart år, uansett kor mykje syklane er kjørt, opplyser han.
Grunnen til at Hadland har satsa utelukkande på den japanske motorsykkelen Kawasaki, er at han likar oppbygninga av syklane og korleis dei er laga. Det er japansk kvalitet i kvar skrue og mutter.
Fleire av syklane har han kjøpt i kassar, og bygd dei opp igjen til sin opprinnelege stand.
- Er du mykje ute på tur med syklane dine?
-Det blir mest å duffa rundt på Finnøy. Eg likar like godt å gnikka og fiksa på syklane som å vera ute å kjøra, seier Olav.
I stallen har han mellom anna to Kwasaki’ar med høgt styre, to chopper’ar, ein 800 kubikkar og ein 1500 kubikkar som skin i krom og lakk. På skjermen på den eine sykkelen er det brukt vulkanraud farge i tri lag, som gjer at han blenkjer i sola.
-Kva sykkel likar du best?
Olav Hadland peikar på ein rustraud og ein svart sykkel. Dei to er favorittane, synes han. Den eine, ein Kawasaki Zephyr 1100 kubikk har fire sylindrar i rekke og ikkje mindre enn åtte tennpluggar. Den er litt sjeldan.
-Japanarane ville overgå seg sjølv med denne sykkelen, seier Olav.
Den andre, den svarte er ein 1400 kubikk’ar, har 220 hestekrefter og kan gå frå 0 til 300 kilometer på 11,5 sekund. Heile sykkelen frå speglane til vindskjermen vitnar om at han er laga for høg fart.
-Men det treng du ikkje skriva, flirer Olav.
Men nå er det gjort.
-Er det ein sykkel du kunne tenkt deg?
-Ja, ein Kawasaki H2 750 1973-modell. Den har tre sylindrar, har ein spesiell lyd, har eit grassat turtal og må ha olje i bensinen. Men det er dyre syklar, seier han.
Denne sykkelen, ein Kawasaki 1100 med fire sylindrar i rekke og åtte tennpluggar.Foto: Privat Dette fartsvidunderet er ein av Olav Hadlands favorittar, ein 1400 kubikk’ar med 220 hestekrefter.Foto: Privat