Torsdag 12. oktober klokka 19.00 blir det konsert i Ottohuset med Elsa McTaggart & Gary Lister. Dei er ein duo frå Isle of Lewis i Ytre Hebridane på vestkysten av Skottland, øygruppa som vikingane kalla Suderøyane.

Elsa McTaggart er ein skotsk singer/songwriter, ho spelar gitar, fiolin, mandolin og fløyte. Elsa har ein mastergrad i tradisjonell irsk musikk frå universitetet i Limerick. Ektemann Gary Lister spelar tangentinstrument. Dei vertar opp eigenkomponert musikk og internasjonal pop/folk/rock i ei fin blanding.

Duoen har turnert i 10–15 år og hatt konsertar i Irland, Skottland, England og Wales, Nedreland, Danmark og Norge. Og om vinteren spelar dei ofte på Gran Canaria. Elsa og Gary har vore på Finnøy ein gong tidlegare; på Ottohuset i oktober 2015.

Kart som viser Ottohuset: