Fredag 27. oktober klokka 16.30 kan du få med deg ein gratiskonsert i Stavanger konserthus med Stavanger symfoniorkester og poptrioen Gilberdal, der finnøybu og vokalist Kjell Emil Berge utgjer ein tredel.

– Me måtte neste klype oss i armen då me tidlegare i år blei spurde om å spele med sjølvaste symfoniorkesteret. For ein enkel mann frå Finnøy er dette utruleg stas. Det har vore ein draum lenge, fortel Berge.

Stavanger symfoniorkester inviterer frå tid til annan lokale artistar for å opptre i lag i formatet «Endelig helg» i Stavanger konserthus. Nå er det Gilberdals tur.

– Dette blir ein minikonsert der me spelar åtte låtar. Av desse er sju våre eigne som nå er arrangert for orkester, seier Berge.

Berge jobbar i SR Bank i byen, men bur på Finnøy med kona Margretha og tre søner. Han har djupe slektsrøter på øya. Dei to andre i Gilberdal er Øystein Gilje frå Ålgård og Tor Kjetil Espedal frå Randaberg.

Gilberdal er ein visepoptrio som debuterte i 2019, då dei òg laga cupfinalelåten til Viking. Trioen syng norske tekstar og har passert 1,5 million avspelingar på Spotify. Meir musikk er i vente.

– Me har vore i studio og spela inn to nye julelåtar, som me gleder oss veldig til å dele med publikum. Laurdag 2. desember har me julekonsert i mektige St. Petri, fortel Berge.

Sjå videoen der Gilberdal syng om livet på fjellet: