Håp om at Bethel kan bli freda neste år

Riksantikvaren har bestemt at Bethel skal fredast, men prosessen fram til fredingsvedtaket er gjort tek litt tid. Det er håp om at bygget kan bli freda neste år.

Øyvind Malmin under orienteringa om fredingsvetaket for Bethel.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Det var noko av budskapet frå Øyvind Malmin, rådgjevar for nyare tids kulturminner i Rogaland fylkeskommune, då han torsdag kveld møtte på Bethel for å orientera om fredinga av bygget.

Meininga er at det skal bli oppstart på fredingsprosessen før sommaren. Det skal mellom anna lagast eit forslag til freding, og dokumentasjon over historia til bygget.

Deretter skal saka på høyring, før den skal politisk behandlast i kommunen.Så blir det endelege fredingsforslaget oversendt frå fylket til Riksantikvaren, som gjer endeleg vedtak om freding.

Då er det duka for fint besøk i Bethel, opplyste Malmin, truleg av både ordførar og riksantikvar. Ei fredingssak tek normalt eitt til to år.

I tillegg til sjølve bygget er det også meininga å freda det nyare tilbygget og noko av området rundt Bethel.

-Men her er fleire grunneigarar, så dette må me ha ein dialog om, understrekar Øyvind Malmin.

Kanskje koppestellet også er eit fredingsobjekt?

Grunnen til at Bethel blir freda er at det er ein viktig del av lekmannskristendommen, og difor har kulturhistroisk verdi. Dessutan er det det eldste bedehuset som fortsatt er i bruk.

-Bedehuskulturen har fått lite oppmerksomhet i vernesamanheng, la Malmin til.

I Rogaland er det to bedehus til som er freda, eit i Sokndalsstrand og eit i Skudenes. Også i Flekkefjord er det eit freda bedehus.

-Når bygget blir freda vil det ikkje bli tillatt med vesentlege endringar i bygget, men eit fredningsvedtak vil vera 99 prosent positivt for Bethel, meinte Malmin, som også understreka at det er viktig å ha dialog med styret for Bethel om fredninga.

Dei gamle trebenkene som ein gong stod i Bethel er nå borte. Tor Øystein Nærland, som var på møtet, hugsar at dei lenge var lagra på brannstasjonen.

Øyvind Malmin også er svært interessert i om nokon har gamle foto frå Bethel, som kan dokumentera korleis bygget såg ut innvendig.

Dei gamle, originale dørene skal på plass igjen, noko han meinte vil heva bygget betrakteleg. Dørene er nå til restaurering hos Thor Meling Trevarefabrikk på Kvitsøy.

Restaureringa av dørene er kostnadsrekna til eit par hundre tusen kroner, men fylkeskommunen sponsar med 115.000 kroner. Resten skal Bethel dekka.