Når ein har levd ei tid og hjernen fungerar, er det mange ting som dukkar opp. Far kunne fortelja frå fjerne tider, og nokre av hans historiar vil eg nemna.

Som sagt er eg ein 1936 modell. Ein ganske alminnelege, det er mange damer som seier at eg tek meg godt ut frå sjøen, ein stille sjø. Det var det Rune ville ha meg til å skriva om – svunne tider.

Då vedet kom som eg hugsa, var eg i fire års alder, og krigen braut ut. Eg var 9 år då freden kom. Mat hadde vi, men lite snob. Det vi likte var når ein raspa kålrabi, då kom ungane frå Judaberg og åt, derav dei gode tennene.

Bøndene blei utskrevne til å arbeida for tyskarane på Vignes, med hest og kjerre. Somme gonger med landkasse til å køyra vatn i. Når dagen kom måtte dei stilla opp kl. 8.00, vinters dag.

Her på Faa var folk då oppe kl. 5, for hesten måtte få frukost, og det var lang veg til Vignes. Elles under krigen kom folk frå Stavanger her heim for å gjøyma bilane frå tyskarane. Det gjekk ei tid, men ikkje lenge.

Far hadde to hestar. Dei skulle stille på hestesjå på Judaberg. Far tok den eldste hesten og stillte med den. Nokre folk kunne då fortelje tolken at far hadde ein fin hest heime. Far såg at dei snakka med den tyske tolken, og så tok dei hesten, han måtte levere den i Hillevåg for nokre lusne kroner.

Sidan nekta dei for kva dei hadde gjort, men tolken sa dei var flinke Finnøy bønder som kunne hjelpa tyskarane. Dei som gjorde dette lever ikkje i dag. Kanskje dei står framfor perleporten og vil inn!

Sankthans var ikkje å feire med bål, men fest blei det. Låven blei sopt og det blei dans. Det var mange byfolk på alle gardane som stod for dansen. Servering av kaffe, som var heimelaga. Damene tok grøne erter og steikte dei på panna til dei blei brune.

Så på kaffekverna – folk var overgidde at dei fekk kaffe i dei dagar. Ja, nød lærer naken kvinne å spinne, seier eit ordtak.

I dag er det stillt på Faa. Løa står tom for redskap og dyr. Den blei bygd i 1927 av rundtømmer frå Lyse i Nedstrand. Den kom på ca. Kr. 12.000. Det var Peder Asheim som frakta tømmeret og kledningen. Den er like god i dag.

Så kom freden, og gleda var stor. Seinare så skulle ein få kjøpa franskbrød, men bare til helga!

Livet begynte å koma i gong. Ungdomshuset, Tippen, var ungdommen sin samlingsplass. Dei som ikkje dansa, ja, dei drakk. Han Arne blei ein gong for full og blei liggjande i veigrøfta, kor dei fann han.

Du måtte ropt om hjelp, så kunne vi komme og hjelpt deg. Ja, sa Arne, eg plystra, men ingen høyrte meg. I 50-åra kosta det 3 kr for menn og 2 kr for damer å komma på dans. 3 kr den gongen var ei times betaling. Ja, ja, det er nå fleire historiar, men eg trur eg stoppar her.

Harald