Kyrja skalv under «General Forsamling»-konserten
Den moldstemte røysta til Børre Bratland fekk gråsteinsmurane i Hesby-kyrkja til å skjelva, og trengde seg inn i den innerste sjela. Ville den gamle kyrkja ramla i grus, men, nei. Ho stod.
FINNØY: Det blei ei spesiell oppleving, og ein heilt spesiell påskekonsert for dei rundt 50 som hadde møtt fram for å høyra «Generalen» Børre Bratland i kyrkja på Finnøy.
Røysta til Bratland er upolert som ein jærsak steingard, og det var tilreisande både frå Stavanger, Jæren og Randaberg som kom for å høyra konserten hans. Songane er komponert av amerikanaren David Charles Olney, og er omsett av Kjetil Skrettingland. Han var sjølv til stades på konserten.
-Songar blir ofte framført polert, men det er ikkje tilfelle med Børre Bratland. Hans malmfulle stemme og jordnære måte å framføra songane på gjer at det verkar ekstra strekt, seier Skrettingland til Øyposten.
Kvelden før hadde dei konsert i Sokndal, og kvelden etter var det konsert i Flekkefjord kyrkje. Musikk-sjangeren og stilen til bandet «General Forsamling» er ikkje den vanlegaste for kyrkjekonsertar, men slektar mykje på den amerikanske musikaren og skodespelaren Tom Waits.
Publikum som Øyposten snakka med etter konserten syntes det hadde vore ei flott oppleving.
-Heilt kanon, meiner Gaute Vigre frå Nærbø om konserten, og får støtte frå Kjell Sønstabø og Liv Mykland frå Randaberg.
-Veldig engasjerande og ein annanleis påskekonsert, tykkjer dei.
Også Dorrit og Marit Vignes syntes det var bra.
-Flott at alt var på jærsk. Det var gode tekstar og fint å høyra påskeevangeliet på ein litt annanleis måte, seier dotter og mor Vignes.
Olav Reilstad synes også klonserten var fin.
-Det var jærsk og godt, slår han fast.