Oddvar om verdien av å måka skit – og om verdien av livet

Ryfylkepuls er ute med ein podkastepisode om finnøybu Oddvar Vignes.

Oddvar Vignes med dottera Agnes.
Publisert: Publisert:

Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylkepuls har ein podkast som heiter På Ekta der han møter vanlege folk i Ryfylke med meir eller mindre vanleg historier. Nyaste episode er med Oddvar Vignes frå Finnøy.

– Han overlevde sitt eige sjølvmordsforsøk i Oslo og fekk nytt livsmot då han kom heim til den bygda han ikkje skulle heim igjen til, seier Skeiseid i introduksjonen.

Vignes ga i fjor ut boka «Sjølvmordsforsøket – livet før og etter», som tek utgangspunktet i ein kolsvart periode han var gjennom i 2009. Han har seinare prata ope om eiga mentale helse og om det som skjedde, og podkastepisoden tek utgangspunkt i dette.

I tillegg til boka leverte Vignes i fjor ei masteroppgåve om mjølkebønder på Finnøy og om korleis dei handterer generasjonsskifte og stadige endringar i næringa. Han kjem litt inn på dette òg.

Vignes er sjølv agronom og gardbrukar på Vignes, og etter botnpunktet i 2009 fann han eit veg opp gjennom blant anna å vere mykje i fjøset hos kyrne og måka skit.

– Mange dyrevernstragediar startar med at nokon sluttar å måke skit, seier Vignes i praten med Skeiseid.

Me tek med at Vignes har vore dagleg leiar i Øyposten, og at han i dag er vikar som innbyggarkoordinator på Finnøy innbyggartorg. Han er òg kjent som toastmaster, så han har mange sider denne Oddvar Vignes.

Høyr episoden gjennom å søke opp «På Ekta» i Spotify eller Apple podkast eller høyr den direkte på nettsida til Ryfylkepuls.

Publisert: