Av Maren Bø

Dette er meldinga Kristian Berg Jåtten sender oss på førespurnad om å vere med i eit intervju om skodespelarlivet og Meieriet.

Dei aller fleste som vandra rundt i Rennesøy kommune på 2000-talet, har ei oppleving av Kristian på scenen. Den litle åmøyguten stod mellom ein gjeng «eit-hovud-høgare» dansande jenter og song, slik at både publikum og UKM-juryar fekk noko å snakke heim om.

20 år seinare står han ennå på scenen: Til våren på Chat Noir i Oslo, saman med Jan Eggum, Karoline Krüger og Bjarte Hjelmeland, og utanom dette er han å finne i Bergen ved Den Nationale Scene, kor han er fast tilsett som skodespelar.

Foto: Sebastian Dalseide

Han fortel om eit variert om spennande kunstnarliv med alt frå mindre dramatiske kammerspel til storslagne musikalar.

Slike draumar blir ikkje oppfylte av seg sjølv, i alle fall ikkje når ein kjem frå litle Åmøy.

– På ein liten stad som Rennesøy kunne det vere vanskeleg å kjenne på meistring og tilhøyrigheit dersom ein ikkje dreiv med fotball som dei andre, seier Kristian.

Så fortel han om Meieriet som ein stad han kunne utfalde seg. Kristian spelte piano, dansa, song, han var konferansier og publikum, det var Ungdommens kulturmønstring og Den Kulturelle Skulesekken. Han fortel også om dei mange musikalane arrangert av Kirsten Øvregaard, kor dei unge fekk blomstre.

– Meieriet var staden eg fekk mine fyrste teikn på at det kunne vere ein idé å prøve meg som kunstnar. Det var her eg var aller mest nervøs, og her eg gjorde min aller fyrste solosang.

Ute i den store verda er Kristian alltid nøye med å presisere at han kjem frå Åmøy, og ikkje Stavanger. Heimstaden er viktig for han, og han vender nasen heim når sjansen byr seg. I bakhovudet har han også ein plan, ei førestilling eller ein konsert, som skal utspele seg på staden det heile starta.

– I Meieriet skal kunstnarspirer og nasjonale skattar vekse, avsluttar han.